Songen om mitt liv

26.01.2026

Neptun forlet no Fisken sitt teikn og går inn i Væren. Tida er komen for å stiga ut av draumane og verkeleg handle på dei. Alle kjensler, alle illusjonar og alt vi har kjent oss fanga av, kan no sleppast fri – som eit slør som løftar seg. Noko lettar i oss, og ei ny, modigare kraft vaknar til liv.  

Songen om mitt liv.

(Espen Lind si tolking av Herborg Kråkevik sin song.

Endeleg kan eg sjå

Alt som eg var og er

Slår som tusen vengeslag

Gjennom sinn og sans

Ser jorda av silkedryss

Gjennom eit hav av lys

Hjertet skjelv når eg trer ut

I min fyrste dans

No er verden min

No er fuglen fri

Slik som fyrste gongen 

Eg song songen om mitt liv


Endeleg kan eg sjå

Alt som eg var og er

Glitrar på mitt varme kinn

Der tårer heng

Gjennom mitt åndedrag

Det er vingeslag

Svaret frå di opne sjel

Er alt eg treng

No er verden min

No er fuglen fri

Slik som fyrste gongen

Eg song songen om mitt liv


No er verden min

Sama kva som blir

Så har eg fyrste gongen

Eg sang sangen om mitt liv

Songen om mitt liv

Ein vakker og sterk tekst – om å sleppe fuglen fri. Denne versjonen vart framført av Espen Lind i «Hver gang vi møtes» som ei varm hyllest til Herborg Kråkevik no laurdag. Ei tolking som rører, som gjer inntrykk, og som vekkjer attkjenning i mange livshistorier.


Neptun i Væren 26.1

Neptun går i dag inn i Væren sitt teikn etter 14 år i Fisken. I Fisken har vi følt, vi har kjent på gode og vonde kjensler, på sårbarhet og sensitivitet. På illusjonar og sanningar. Fisken er draumar og dagdrøyming, det er musikk og det åndelege.                                                                            Det har vore korona og nedstenging, så vi har vorte tvinga til å kjenne på vårt indre. For oss som har mykje i Fisken sitt teikn har det vore slitsamt, vanskeleg å koma seg vidare. Men det har vore ei god tid for rydding, i smerter, kjensler, sorger og gleder, slik at ein no er klar for å gå vidare. For meg kjennes det slik. Kanskje kjenner du at endring er på gang.

No når Neptun går inn i Væren er det på tide og handle på alle desse draumane. Sjå gjennom alle illusjonane og la det bli til glede for kropp og sinn. Væren vil at du realiserar planane dine. Det er mot, kraft og vilje i dette ildteiknet. Kanskje kjenner du at noko lettar no og at du er meir klar i kva du vil. Neptun er kjærligheit og ærlegheit.

For deg som har jobba mykje med deg sjølv for å styrke deg i denne perioda, så vil kanskje sløret lette og du ser meir kven du er og kva du vil. Væren er fyrste teiknet i zodiaken og Mars, energiplaneten, herskar der. Væren vil ikkje ha stillstand, den vil at gnisten er der.

Ingen kan skape din draum, det må du ta tak i sjølv. Men du skal handle på det med ærlighet til deg sjølv og andre. Når Saturn kjem etter i Væren og dei møtas nøyaktig 20.februar vil du få hjelpe til å bygge opp rundt draumane dine, handle på dei, steg for steg. Ta ansvar for det du har følt på lenge og ta din plass.

Slik at du står støtt i deg sjølv og kan synge din song og sleppe fuglen fri.

Eg heiar på deg !