TVILLINGEN SIN FULLMÅNE 29.MAI

29.05.2018

Få ny inspirasjon og glød, lær noko nytt og set deg nye mål

Sola står i Tvillingen sitt teikn og lyser opp Månen i Skytten

Kanskje har du allereie kjent på energiane. Er du av dei som ikkje får sove og vert veldig sensitiv og uroleg, eller er du av dei som vert ekstra aktiv og kreativ ? Dette kan variere frå fullmåne til fullmåne, for alle fullmånar er ikkje like sterke for alle. Det kjem an på kor det treff i vårt horoskop.

Det er ei fin tid for å stoppe opp og tenke over alt du har lært, og alle vegane du har gått. Kvar har all denne kunnskapen du har fått ført deg hen i livet ? Vi har alle hatt våre tunge stunder og nokre har hatt litt tyngre vegar enn andre å gå, men kva har du fått ut av dette og kva gjer du med det ? Alt har eit bodskap med seg. Om du har gått nokre omvegar i livet og gått til høgre i staden for til venstre i nokre vegkryss, så har det berre gjeve deg ny lærdom. Kanskje var det ikkje nokon omveg, kanskje var det berre nokon du skulle møte og utveksle nokre ord med, noko du skulle erfare, for så å gå vidare i livet. Litt lettare, litt klokare og med litt større inspirasjon.

Erfaring som inspirasjon til ny vekst

Det er fin tid for å ta ein realitetssjekk. Det er viktig å gje deg sjølv kreditt for alt du har vore gjennom på godt og vondt. Alt du har erfart har på eit plan ført deg vidare og gjort deg meir lærd og meir styrka. Ver stolt over alt du har fått til.   Det handlar om å sjå alt du har erfart i relasjon med andre, akseptere det og sjå det gode som har kome ut av det, for det kjem alltid noko godt ut av alt. Men det er viktig å gje slepp på dei gamle tankane som ikkje nærar deg lengre, ikkje la det gnage og trykke deg ned. Med denne fullmånen kan du endre på tankesettet ditt  slik at du kan du setja deg nye mål i livet, finne ein ny inspirasjon og ny glød.

Nye mål, nye eventyr, ny glød

Skytten sitt teikn treng inspirasjon, treng setja seg nye mål. Det er pila som treng verta sendt framover mot nye mål og nye horisontar og nye eventyr. Kanskje ynskjer du lære noko nytt, reise til ukjente plassar for å erfare nye ting, møte nye folk som gjer deg glede og inspirasjon. Det treng ikkje vera ytre reiser, det kan vera at du sender pila innover mot nye indre mål, ny forståing om kven du er og kva du ynskjer i livet. Du treng ikkje skyte pila langt fram, det må vera realistisk, men det er viktig at du kjenner på ein glød og ein vekst i livet. At det du driv med i det daglege inspirerar deg.

Det sosiale nettverket, få inspirasjon, men ver tru mot deg sjølv

Tvillingen er nysgjerrig på livet og likar vera aktiv . Det sosiale nettverket er viktig. Lytt til kva andre prøver å fortelja deg, ver som sommarfuglen og snapp opp litt her og litt der, utvid horisonten din. På den måten kan du utvide tankane dine og utvide hjartet ditt. Ta med deg det du føler treff deg av all input du får i relasjon med andre, det som gjer DEG vekst og inspirasjon. Ver tru mot deg sjølv. Les ei god bok, lær nye ting og gjer det som gjer deg glede i livet. Og hugs, gje deg sjølv ein klapp på skuldra for all kunnskapen du har fått og som gjer at du stadig er nysgjerrig på å lære meir i livet.

Kos deg med sommarvarmen og la dagane vera litt lette.