UNDRE SEG I LIVET

09.02.2018

 Er du ein person som kan undre deg over ting ? Som kan lure på korleis ting heng saman, kvifor livet vert som det vert. Som kan sjå det store i det små, eller det små i det store.


Eg har nok alltid vore ein person som har likt og undre meg, utan at eg vil kalle det nysgjerrig. Eg er ikkje nysgjerrig på kva som skjer rundt omkring og på å farte rundt for å møte folk. Det er meir ei undring over livet og alt rundt. Trur nok eg alltid har vore ein slik person.

Eg søker etter svar på kvifor ting vert som det vert i livet, hekte det til noko eller prøve forstå meininga bak det. Det er som om eg søker den raude tråden i livet. Eg undrar meg over ulike maleri, kva kunstnaren har tenkt, eller kjenne på kva det vekker i meg. Musikken, kvifor vekte det så sterke kjensler i meg, og kva har musikaren opplevd etter at han/ho har skrivi dette . 

Undre seg over naturen og universet

Eg undrar meg over alt som ligg bak det kreative, men undrar meg og over alt mellom himmel og jord. Undrar meg over livet, over universet. Over Sola og Månen og stjernene. Finst Gud, er han der oppe, eller er han inni meg, eller er det noko eg må tilkalle ? Finst det englar og er dei rundt meg heile tida ? Finst dei overalt, i huset eg bur, med meg i bilen, inni kroppen min ? Prøver dei å si meg noko eller er det berre tull det ein iblant føler og trur ein ser ?

For meg gjer det livet rikare med å ha ei slik undring til livet. Det vert aldri ei kjedeleg stund. Ein vil ikkje finne vitenskaplege svar på alt dette, men det gjer livet meir fargerikt. Når ein kan gå på skitur eller fjelltur, eller berre ein rusletur i nærmiljøet, og filosofere over livet. Site i naturen og la blikket kvile langt der borte, eller ved den vesle fuglen som kvitrar nær deg. Trekke trådar, la sinnet roe seg ned med berre å undre seg over dei små spørsmåla eller dei store spørsmåla. Kjenne etter kva det gjer med ein denne undringa over livet og naturen. Kva vil denne fuglen, har den eit bodskap til meg eller strevar han berre på med sitt ?

Har det indre livet samanheng med det ytre livet ?

Kva slags person er du ? Er du ein som ser blomane, høyrer fuglane, høyrer det knitrar i kald snø mot tjukke vintersko ? Kjenner du på roen naturen kan gje deg, eller hastar du vidare for å koma fram til eit mål ? Kan du merke at det ytre livet heng saman med det indre livet ditt ? Om fleire kunne ta med seg termosen og kvikk-lunsjen på tur og berre setja seg ned og kose seg iblant, i staden for å ha topp utstyr og koma lengst mogleg, eller høgast opp og gjerne skryte av det . Vera i eitt med naturen og universet. Då trur eg livet vert endå rikare . Eg trur at folk var flinkare til dette før. Dei levde meir i pakt med naturen og kroppen sin og brukte alle sansane sine kvar dag, men så var dei ikkje stressa heller.

Å undre seg er ein fin ting. Om ein berre lever i det ytre  som samfunnet legg opp til, trur eg at ein går glipp av mykje i livet.