Valentins dag 14.februar

13.02.2019

Hyllest til kjærleiken og romantikken

Om det er ein dag med kjæresten eller om du hyller deg sjølv denne dagen, kos deg.💕💖


Alle hjerter sin dag eller dagen for kjærleik 💕🌹

Valentins dag er ein dag for feiring av kjærleiken og romantikken. Det er ein dag som oppstod på 1500-talet.

No er ikkje alle av oss glad i denne dagen fordi den har vorte ei merkevare for handelstand, men ein kan feire kjærleiken utan å måtte bruke masse pengar. Om det er med kjæresten din eller du ynskjer setja pris på deg sjølv.


Venus «den vesle lykkebringaren» har evne til spreie glede og harmoni. Den herskar over kjærleiken, sensualitet og nytelse, det materielle, skjønnhet, kunst, mote og design osb. Venus strebar etter å forene det vakre med det behagelege. 💏

Venus er vår tiltrekningskraft, den som forbind to mennesker saman. Venus syner oss kva vi verdsett hjå andre og måten vi uttrykker kjærleik. Venus syner óg korleis du best tek vare på deg sjølv og kva du verdset i livet.

Valentinsdag kan og ha røter i feiring av gudinnen Juno. Juno presenterar vår indre dronning og er kjent som gudinna for ekteskapet. Ved å involvere Juno i livet kan du starte med å behandle deg sjølv med meir sjølvrespekt og verdighet.

Kvar har du Venus i horoskopet ditt ? Kva vert du tiltrekt av? Kva har størst verdi for deg ?

Kvar har du gudinna Juno i horoskopet ? Verdset du deg sjølv nok ? Verdset du det feminine i deg ? Kva partner ynskjer du tiltrekke deg (om du ikkje har) ?

Ha ein fin Valentins dag og verdset deg sjølv !! Uansett om det er med partner eller aleine. Venus og Juno herskar over det feminine, så pynt deg, ta på deg kjole og neglelakk om du ynskjer det. Ta massasje eller et god mat, eller berre kos deg i sofaen.

Og er det slik at du savnar ein partner i kvardagen, så kan du setja deg ned og meditere på det denne dagen. Skape deg ein visjon om kva som er den rette partneren for deg, kva du ynskjer tiltrekke deg. 🙏