Vårjamdøger 20.mars. Kva ynskjer du skal spire i deg ?

20.03.2022

Vårjamdøger - natt og dag er like lange i dag. Lyset vinn over mørket att og vi får stadig lysare dagar. Det er tid for ut, ut av den trygge hola og møte liv att. Litt klokare av erfaring etter to spesielle år. Kanskje må du ta det steg for steg

Væren - mot og vilje til å vera

Natt og dag er like lange i dag 20.mars. Lyset har vinni over mørket att, slik at vi går mot lysare tider. Det er fire store årstider, og dermed fire store portalar i astrologien. Med vårjamdøger går Sola inn i Væren sitt teikn og vi startar på ein ny runde. Nytt år, ny årssyklus, ny start med nye moglegheitar.

Vi forlet Fisken sitt teikn som er eit vanntegn og det siste teiknet i zodiaken. Fisken har erfaring frå alle tegn og kan fort bæra for mykje bagasje, på godt og vondt. Fisken er sensitiv for alt rundt seg, det er det spirituelle og åndelege tegnet som vil helst att alt er kjærlighet og lys.

Naturen gjer slepp på den gamle vinteren og dvalen vi har vore i. Væren vekker oss og naturen til livet att. La deg vekkas smått til live, litt etter litt. La den gamle bagasjen no renne ut i sanda og gjer deg klar for å blomstre på nytt. 

Frå  vanntegnet Fisk til ildteiknet Vær. 


Vi har hatt to spesielle år som starta nettopp i Fisken sitt teikn. No kan vi gje slepp på heimekontor og einsemd og våge oss ut att, til meir liv og røre. Til å verta meir sosiale og møte folk att på den gamle måten, som kanskje ikkje heilt er «den gamle måten» lengre. Vi er klok av erfaring og er kanskje sensitive for det nye der ute. Kanskje må vi øve oss på og gje slepp på innelivet og koma ut blant mange andre att. På å kunne klemme og våge vera nær. 

Vi kan gje slepp på frykt for korona, men no er det krigen i Ukraina som uroar mange. 


Sola varmar, frø som har overvintra bryt ut snart. Kva ynskjer du skal  spire i deg ?


Eg elskar denne tida der fuglane kjem attende og kvitrar og skapar liv. Eg vert meir og meir glad i våren. Den går så fort, dermed er det ekstra viktig og nyte den når den er her.  Hestehoven tittar fram frå visne lauv, det spirar og grønskas meir for kvar dag. 

Sola varmar og skapar livsgnist att. Det er tid for lange skiturar med niste og nyting. Berre vera. Ta deg tid til å koma ut av ditt skal, ut i solveggen, litt etter litt slik som naturen. Ta inn sola og varmen som du har fortjent kjenne varme deg. Det er lys, det er varme og mykje kjærlighet der ute.


VÅR-VÅRJAMDØGER - VÆREN- VILJE - VENDING - VÅGE.

La fb og nyheter få dyrke sitt, du kan dyrke det du vil at våren skal spire for deg. Det hjelper ikkje om du uroar deg og ser på alle nyheter. Det du fortel deg kvar dag og det du har merksemd mot, det du tenker på, det spirar i deg. 

Meir enn nokon gong treng vi spre kjærlighet og lys. 

 Gjer deg klar for alt det nye og gode der ute ! La livet koma deg i møte med at du vågar og handlar og seier ja  !


PS. Alle bileta er frå skitur i dag på vårjamdøgn, ein fantastisk  fin dag !!