Vårjamdøger - Sola inn i Væren

21.03.2020

Fredag 20.mars - nytt liv, ny start

Væren er sjølve såkornet som skal setja alt liv i gang

.

Fredag 20.mars er det vårjamndøger. Det er balanse mellom lyset og mørket, mellom det feminine og maskuline. Lyset skal sigre. Litt meir for kvar dag.

Det er ein ny start i naturen, ein ny vår, og vi startar på ein ny runde i horoskopet. Sola gjekk inn i Væren og vi får handlekraft og initiativ. Væren representerer sjølve såkornet som skal setja alt liv i gang. Frøet må stellast bra med for at det skal spire og gro og vekse seg sterkt.

Vi forlet Fisken sitt teikn, som er teiknet for å gje slepp. Vi har no Væren sitt teikn ein månad, som er eitt ildteikn som har vilje og mot til å stange seg fram. Væren lever litt her og no og tek tak i det som trengs. Den energien kan vera god og ha no.

Vi vert alle påverka av Væren ein månad uansett kva teikn me er fødd i. Mars som herskar i Væren står i Steinbukken saman med mange andre planetar no. Det er noko solid og sterkt over det. Det er kraft og vilje til å bygge deg sjølv ein solid plattform som fungerar i desse dagar.

Om du er ein introvert person så skal du kanskje vera litt forsiktig med  sleppe vårlyset for fort inn. Vi har levd lenge i husa våre og mørke, så no er det tid for å koma meir ut, men det er noko med å ta det gradvis.  Som dei fyrste spirene som er vár for frostskade skal du vera forsiktig i denne skarpe vårlufta. Men nyt den og naturen som kallar på deg. 

Tysdag 24.3 er det Nymåne i Væren. Då kan du verkeleg så frø for kva som er  fint for deg framover. Kva ynskjer du skape i ditt liv no framover ? Tenk over kva som er viktig for deg fram til Nymånen , så kan du skape deg ein visjon om det på Nymånen. Meir om det seinare.

Ta vare !

Eg har god erfaring i å ha samtale, horoskoptolking og reading via telefon eller skype. Ta gjerne kontakt om du føler for det !