VELKOMEN TIL VÆREN OG VÅREN !

04.04.2018

21.mars gjekk Sola inn i Væren sitt teikn.

 Vi startar på ny runde, ny giv, nye moglegheitar. 


Væren er fyrste teiknet i zodiaken og startar med vårjamndøgn, den dagen natt og dag er like lange. No framover vil kvar dag verta lysare og lengre. I Fisken sitt teikn kunne vi gje slepp på det gamle vi har lært siste året eller over fleire år, tema vi har rydda i og lært av, som vi ikkje ynskjer ta med inn i ny runde med Sola.

Astrologar vil gjerne si :Godt nytt år !

Væren har alltid høgtida påske i seg. Som dei fleste veit er påska styrt etter månen. 1.påskedag er alltid fyrste sundagen etter fyrste fullmåne etter 21.mars , dvs vårjamndøgn. Påska handlar om korsfesting, død og oppstandelse. Jesus et siste måltid med sine apostlar, vart korsfest, døde og sto opp frå dei døde. På same måte får du ein ny sjanse, ein ny moglegheit til å verta kjent med ditt indre, din Gud, eller din Sjel, etter kva du ynskjer kalle det. På same måte som naturen no gjer slepp for å starte eit nytt liv, på same måten kan du bestemme deg for å streve etter å leva det livet som er meir rett for deg.

Væren er fyrste teiknet og set alt liv i gang. Det er masse kraft og energi som treng utløp og difor er Væren egosentrert, det er ikkje eit sosialt teikn. Væren er modig og dristig, og har ei stor vilje til å få til ting, og til å kunne gå den vegen som er rett for han. Han veit at han må si nei til noko for at andre ting skal verta realisert. Akkurat som løvetann har vilje og kraft til å sprenge seg ut av asfalten på våren, slik kan du bruke din energi til å gå din veg og vekse inn i ditt potensiale. Som blomen som veks via mange begrensningar, slik kan du la din sjel vekse no i vår.

Sjølv om du ikkje er fødd i Væren sitt teikn har du denne arketypa i deg. Eit av husa i ditt horoskop vert herska over av Væren. Sjå kva tema som er aktuelt for deg no, kva tema Sola lyser opp i denne månaden. 


Mars i Steinbukken

Mars, den impulsive energiplaneten, herskar i ildteiknet Væren, men denne månaden er Mars i Steinbukken sitt teikn. Det vil si at du kan kjenne at energien ikkje er full av ild og impulsivitet som den kunne vore, men ein meir jorda energi. Steinbukken er ikkje noko forhasta teikn, tvert i mot. Steinbukken ber Mars om å handle forsiktig og kontrollert. Hastverk er lastverk. Steinbukken gjer deg gode råd til kva frø og idear du skal bruke din energi. Men det er stor uthaldning med Mars i Steinbukken, det er tyngde. 

Merkur i Væren

Den sjelelege herskaren i Væren, Merkur, står i Væren sitt teikn. Så lytt til impulsane du får. Søk innover for svar om du er i tvil. I staden for å bruke alle energien i den fysiske formen, kan du bruke energien til å søke innover i ditt indre og få kontroll på alle tankane dine. Væren skal lære styre tankane sine slik at han går i rett retning.