VENUS OG JUPITER

13.11.2017

Venus og Jupiter som ei lyssterk stjerne

Måndag 13.11 står Venus og Jupiter i konjunksjon

Tidleg i dag tidleg stod planetane Venus og Jupiter så nær kvarandre at dei kunne nesten sjåast som ei lyssterk stjerne. Kun 0,3 grader frå kvarandre.  Dette er svært sjeldan. Neste gong det skjer er nov 2065.

Venus og Jupiter som er dei mest lyssterke planetane på himmelen møtas kvart år, med det er sjeldan dei kjem så nært kvarandre. Dette fordi dei går i kvar sine banar.

Kjærleiksplaneten Venus handlar om alt du likar og elskar, det du verdset. Lykkeplaneten Jupiter er vekst og ekspansjon og eit ynskje om å finne meining i ting.  Jupiter har ei evne til å forsterke ting, så her er det kjærleik til det ytre og indre. 

Begge planetane står i Skorpionen sitt teikn no, det same som Sola . Skorpionen er knytta til djupe lengslar og alt du begjærar, men og det seksuelle og ein djup transformasjon. Skorpionen kan skjule store reservar som treng koma ut. Kanskje har du ein gøymd skatt, ein kjærleik til noko som treng få koma ut.

 Er du født med Venus og Jupiter konjunksjon så har du gjerne eit stort hjarte og ei stor velvilje for andre. Då verdset du dei gode tinga i livet. 

Det er ei fin og magisk tid, men kan og vera for mykje, og behov for meir.  Det er ei fin tid for å få kontakt med dine indre lengslar og behov, og ei fin tid for å pleie kjærleiken på eit djupt og inderleg plan om du har ein partner.



 Foto: Ted S. Warren/AP