VENUS - RETROGRAD  I SKORPION OG VEKTEN

06.10.2018

Bevisstgjering rundt Venus sine tema, vår store feminine planet.

I perioda 5.10 til 16.11 handlar det om transformasjon av Venus. Det er fin tid for å vende blikket innover og sjå på det du verdset, og korleis du relaterar til partner og andre. Kjærlighetsplaneten ynskjer eit nytt uttrykk, at du står fram som den flotte personen du er. Ekte og autentisk.

Venus er kjærlighetsplaneten som handlar om det vi elskar og likar, om det vi verdset og om våre verdiar. Venus tenker nok dei fleste på som kjærlighetsplaneten, som syner kva partner vi vil ha og kva vi vert tiltrekt av. Den fortel om kva vi verdset i den andre, for Venus prøver å knyte saman, Venus prøver å forene det behagelege med det vakre. Venus vil ha skjønnhet og harmoni, fred og ro.

Venus herskar og over kroppen vår, nytelse, god mat og god vin, og alt av klede, luksus, interiør, kunst . Alt det matrielle vi omgjer oss med, men og våre indre verdiar.

Både Vekten og Skorpion er teikn som handlar om korleis vi forheld oss til andre, til partner, til samarbeidspartnerar og andre rundt oss. I Skorpion handlar det om der vi vågar gå i djubda, der vi er intime, der vi vågar knyte sterke band. I Vekten møter vi den andre, men i Skorpion bondar vi. Skorpion er teiknet for liv og død, det skjulte, for transformasjon, for makt og maktmisbruk, hevnlyst, frykt og sex. Alt som ligg i det underbevisste og som treng koma fram i lyset. Skorpion er og tema for felles økonomi, arv og forvaltning av andre sine ressursar og felles ressursar.

Det feminine uttrykket, det du verdset.


Når Venus no går retro i Skorpion handlar det om transformasjon av Venus. Kanskje ser du nærmare på kva som er viktig for deg, kven du omgjer deg med og korleis du forheld deg til andre. Er det noko du ikkje likar eller du ikkje kan vera med på lengre, hemmeleghetar du har helde på, kjensler rundt deg som kvinne. Kjensler rundt det feminine generelt. Venus og Skorpion er begge feminine. 

Kanskje er det gamle mønster rundt det å vera kvinne som du er klar for å gje slepp på. Eg jobbar ein del med det feminine no og er oppteke av gamle mønster som har vore som vi ikkje treng lengre, mønster som kanskje var kulturelt betinga.  Måten din mor eller bestemor eller dine formødre relaterte på, eller uttrykte seg på som kvinne, kan vera mønster du kan bryte no om det er andre ting du verdset i deg sjølv.  Eller kanskje er det gaver rundt det feminine hjå dine formødre som du kan ta fram, som dei ikkje fekk leva ut, men som det er rom for no.

 Våg og knyte nye band eller oppgrader det forholdet du har

Det handlar om å gå ned i det underbevisste og kjenne på dine verdiar og kven du er som kvinne. Kven ynskjer du vera ? Kva verdset du i deg sjølv og andre ? I skorpion er det mot og handlekraft, så stå fram med ditt ekte, ditt autentiske. Våge vera direkte og ikkje prøve å få det som du vil via maktmisbruk, via å skulde på den andre eller via berre ville vera snill og god og ikkje våge gå inn i konflikt. Harmoni via konflikt.  Våge spørja og ta opp ting utan å dømme. Skuggetema i Skorpion kan og vera og ville fikse andre. 

Det handlar om å sjå det, kjenne det og klatre opp att til ein ny bevissthet. Koma høgare opp i din erkjenning om kven du er, slik at du kan forhalde deg til partner og andre på ein ny og endå betre og meir ekte måte. Kjenne at du høyrer til, at du er god nok som du er, akkurat slik som du er ! Ingen ting du treng fikse eller endre på, berre verdset deg sjølv ! Legg vekk skam og hemnlyst som ligg i Skorpion, for det tjenar deg ikkje.

 Alt du har vore gjennom er ein lærdom. Tidlegare partner lærte deg noko for at du kan gå vidare og vite kva du vil ha, eller ikkje ha,  i neste forhold . Bryte gamle mønster mht kjærleik. Om du er singel, så våg og knyte band. 

Verdset deg sjølv !