
"Naturen gjer styrke"
Astrolog og samtaleterapeut
Mitt navn er Anne Kari Anderdal. Eg bur på Gol og er fødd i Fisken sitt teikn i 1961, med ascendanten i Løve.
Mitt yrkesaktive liv var som regnskapsførar. I mange år dreiv eg mitt eige regnskapskontor, heilt til eg vart alvorleg sjuk og måtte selje verksemda. Denne livskrisa opna samstundes ei ny dør.
Medan eg framleis dreiv regnskapskontoret, reiste eg jamleg til Oslo i fleire år. Der gjekk eg hjå ein psykolog og astrolog som tilbydde ulike kurs i familieterapi og familiekonstellasjonar. Møtet med dette arbeidet tente ei sterk, ny interesse i meg.
Interessa voks seg etter kvart så stor at ho førte meg vidare til 4 år på Herkules astrologiskule, i tillegg til ei rekkje kurs hjå ulike astrologar. Slik vart vegen gradvis lagt om – frå tal og rekneskap til menneske, innsikt og astrologi.
For meg har horoskopet vore eit kraftfullt reidskap å dykke ned i – ei kjelde til innsikt som har hjelpt meg å finne svar på kven eg er, forstå meg sjølv betre og sjå kvifor livet til tider har vore fullt av motbakkar. Gjennom horoskopet og livskrise har eg oppdaga mi eiga viljestyrke og funne motet som trengst for å reise seg att og gå vidare.
Målet med tolking av horoskop er å opne dører til større sjølvinnsikt, slik at livet kan levast meir i tråd med eiga sanning. For den som ønskjer å gå djupare inn i bestemte tema, finst tilbodet Astroterapi. Astroterapi er skapt for å gje ei endå djupare forståing av kven ein er, og kvifor livet kjennest slik det gjer. Gjennom samtale, horoskopet, rik livserfaring og sterk intuisjon, vert det mogleg å utforske og forløysa viktige tema på ein trygg og innsiktsfull måte.
Velkomen til å ta kontakt for ei reise innover i eige horoskop og eige liv!