Tolking av horoskop

  Fødselshoroskop -  Årshoroskop 

Tolking av fødselshoroskop

Ynskjer du ei djup, personleg og innsiktsfull tolking av fødselshoroskopet ditt? Er du nysgjerrig på kven du eigentleg er, kva som driv deg, og kva som formar livet ditt?

Horoskopet er som eit detaljert kart over stjernehimmelen den dagen du vart fødd. Det handlar ikkje berre om fødselsteiknet ditt – kvar Sola stod då du kom til verda – men om eit samspel mellom mange ulike faktorar som saman teiknar eit unikt bilete av personlegdom, ressursar og livstema.  

For at eg skal kunne lage horoskopet treng eg fødselsdato, klokkeslett og sted for fødsel. Så treng eg litt tid på meg før vi tek samtala. Det vert teke lydopptak av samtala som vert sendt til deg i etterkant.

Tolkinga skjer via frammøte, via telefon eller messenger.

Kunne du tenke deg ei tolking ? Du er hjarteleg velkome til å ta kontakt om du lurar på noko. 

Pris: kr 1.100,- 

Årshoroskop

Eit årshoroskop gjeld som oftast frå bursdag til bursdag og gjer eit oversyn over kva som pregar det komande året. Her vert dei viktigaste temaene for året lyfta fram, og transittane vert nøye gjennomgått for å sjå om det er noko som pressar på, utfordrar eller opnar nye dører.

Pris: kr. 1.100,-. Om eg tidlegare har teke fødselshoroskopet, er prisen kr. 1.000,-.