ÅRET 2018

05.01.2018

Tankar rundt kva vi kan forvente oss i 2018


Pluto, Saturn og etter kvart Uranus, vil vera i jordteikn dette året. Jord er elementet for å skape tryggleik, særleg gjennom alt som er stabilt og varig. Jordteikn er alle materialistiske, og tenkjer økonomisk og vil ha langsiktig planlegging. Det handlar om  å setja pris på det ein har, på naturen, på det fysiske og på å nyte. Jordteikn veit å bruke kroppen og ta vare på den. Det er litt tankar rundt: Ein veit kva ein har, men ikkje kva ein får.                              Det er praktiske teikn, disiplinerte, arbeidsame og uthaldande teikn med tolmod. Vi kan verta meir miljøbevisste og meir oppteke av gjenbruk. Reparere, sy om eller kjøpe brukt. Det handlar om å bruke det vi har, både når det gjeld materielle ting, men og mat. Tenke litt meir smart slik at vi kastar mindre. «Meir smartbruk i forhold til forbruk, husbruk og gjenbruk» høyrde eg i dag, og det syns eg høyrdes fint ut og i tråd med planetane.

Med Jupiter i vannteiknet Skorpion ser vi at det vert sett lys på det skjulte,  som MeToo aksjonen, voldtekter, det vi ikkje vil finne oss i lengre. Trollet skal opp i lyset for å sprekke. Sanninga skal fram. Det handlar om å få ting opp på dagsorden og bearbeide det, for så gå vidare med større bevissthet og større tryggleik. Du personleg vil nok og merke at ting er klart for å koma ut frå ditt indre. Neptun vil framleis vera i Fisken sitt teikn i mange år, så vi kjenner på det sårbare og at vi er sensitive. Vi lir med alle som slit. Då gjerne med alle flyktningane som er grenselause og ynskjer finne seg ein heim, som kjem og må returnere, men og dei som ikkje set grenser for seg sjølv og hamnar i rusmiljøet. Vi vert minna på at livet har fleire sider og at vi må dele av våre ressursar på ein ekte og ærleg måte. Vera eit godt medmenneske og stå til teneste for dei som treng det.

Dette er mine tankar rundt det som vil kunne skje i 2018, kva som vert dei store hovedtemaene vil ein ikkje vite før året er omme, men ein trend i samfunnet ser ein. Under kan du lese meir om mine tankar rundt kvar enkelt av dei ytre planetane som påverkar oss kollektivt over lengre tid. Det er og egne artiklar om Saturn og Jupiter. Artikkel om Uranus kjem etter kvart.

Året 2018 handlar om mestertalet 11/2. Året 2017 var eit 1. tal globalt sett, ein ny start og ny moglegheit. Eg trur dette vert eit fint år . Det er godt å få jorda energiane litt.

Saturn i Steinbukken

 Saturn gjekk inn i Steinbukken sitt teikn i desember 2017 og skal vera der i ca 2,5 år. Saturn er den strenge læremeisteren, karmas herre om du vil. Men om du har gjort ditt arbeide, vore gjennom testane, så kan Saturn hjelpe deg å manifestere draumane dine. Med Saturn i Steinbukken, som er eit jordteikn, handlar det om å skape noko fysisk. Saturn herskar i Steinbukken så han trivst her. Det handlar om å vera forsiktig, arbeide hardt for ting, praktiske emner, ambisjonar og nytte tida godt. Steinbukken handlar om skatt, det offentlege, næringsliv, arbeid. Vi har eit skifte her frå ildteikn til jordteikn.                        Den kunnskapen du fekk tak på når Saturn stod i Skytten sitt teikn i ca 2,5 år, fram til desember 2017, kan du no skape ut frå. All inspirasjon du har henta inn kan du no få jorda, få materialisert til noko. Steinbukken veit å skape ut frå det han har. Han veit at turen opp fjellet skal takast steg for steg, trygt og godt. Skal ein få eit godt resultat må ein ha ein stødig grunnmur, både i arbeid og i det fysiske.

Sjå meir under eigen artikkel frå 2.jan 2018 om Saturn i Steinbukken 

Jupiter i Skorpion 

Jupiter gjekk inn i Skorpion sitt teikn i oktober 2017 og brukar 1 år i kvart teikn. Jupiter er vår største planet, så han gjer vekst til alt han rører ved. Det er vekst, det er sanning og tru, det er større bevissthet rundt ting, intellektuell ekspansjon og fysisk ekspansjon. Jupiter herskar i Skytten sitt teikn så det er utlandet og lange reiser. Når den står i Skorpion er det den mørke sida som vert belyst, det indre, det skjulte. Det som er helde hemmeleg, makt og maktmisbruk, sex, og felles økonomi. Skorpion vil gje viljestyrke og kjenslemessig engasjement til Jupiter. Det er eit stort ynskje om framgang. Den dagen Jupiter gjekk inn i Skorpion sitt teikn, starta MeToo aksjonen i USA. Jupiter handlar om utlandet og reise over grensene, akkurat som MeToo aksjonen har spreidd seg til mange land. Vi veit aldri kva som skjer kvart 12 år når Jupiter går inn i Skorpion, men det ser ut til at kvinnene no varslar om ting som har vore skjult. Sanninga skal fram.

Sjå meir i eigen artikkel frå 4.jan 2018 om Jupiter i Skorpion

Uranus inn i Tyren i mai 

 Uranus går i mai inn i Tyren sitt teikn. Uranus brukar 7 år i kvart teikn og har då vore 7 år i Væren sitt teikn. Vi ser her og eit skifte frå ild til jord, same som med Saturn. Uranus handlar om nyskaping, nye idear, originalitet, forsking, framtid. Uranus hjelper oss å rive oss laus frå gamle mønster. Det kan skje fort og uventa. Det er som lyn frå klar himmel. Når Uranus går inn i det stødige, stae, tradisjonelle jordteiknet Tyren, møter det sin motpart. Tyren er praktisk og er ikkje glad i endringar, noko Uranus vil ha. Kva som skjer er usikkert, men kanskje vi får meir gjenbruk, mindre forbruk av ting. At vi klarar skape nye ting ut frå det vi alt har. Vi ser allereie no tendensar til at folk handlar brukte klede, gjer bort ei bok dei sjølv har lese i gåve, syr om eller reparerar. Den praktiske sansen møter det utradisjonelle. Vi kan verta meir oppteke av miljøet vårt og sjå nye løysingar på ting. Skape ut frå det vi allereiehar.

Eigen artikkel om Uranus kjem seinare.

Neptun i Fisken år 2012 - 2026

Neptun er i Fisken sitt teikn der den høyrer heime. Neptun brukar 168 år på sin reise rundt Sola . Det vil si at Neptun er ca 14 år i kvart teikn. Neptun gjekk inn i Fisken sitt teikn februar 2012 og skal dermed vera der lenge enda. Neptun står på 11 grader Fisk no. Neptun og Fisken handlar om å stå til teneste, om sensitivitet, flukt, rus, havet, grenselaus, om å vera eit godt medmenneske. Flyktningar har vi alltid hatt, men flyktningekrisa vart endå meir aktuell når Neptun gjekk inn i Fisken sitt teikn. Folk flyktar over grensene, over havet, i håp om at andre vil ta dei imot. Fisken sitt teikn vil eigentleg ikkje ha grenser. Fisken vil at vi alle er eitt og at vi deler av våre goder her på jorda. 

Pluto i Steinbukken år 2008-2024

Pluto er i Steinbukken sitt teikn i år og har vore det lenge. Pluto er den planeten som brukar lengst tid rundt Sola. Heile 246 år rundt Sola og alle 12 teikna. Pluto er ein generasjonsplanet og brukar ulik tid gjennom teikna. Pluto gjekk inn i Steinbukken sitt teikn i februar 2008 og står på 18 grader no. Pluto går inn i Vannmannen i nov 2024. Pluto jobbar seint og grundig. 

Er du nysgjerrig på kva tema du får større bevisstheit rundt  i 2018, så ta kontakt !