Blogg

Astrologi - Mellommenneskelege tema

Onsdag 29.juni kl 4:51 er det nymåne i Krepsen sitt teikn. Vi har ein fysisk kropp som treng trening og stell, men vi har og ein indre kjenslemessig kropp. Krepsen handlar nettopp om det indre, dine kjensler.

Gjer du nok kjærlighet til deg sjølv kjære du, slik at du kan utstråle kjærlighet i omgang med andre. Kunsten er å leve innanfrå og ut, og ikkje verta så påverka av andre at du lever utanfrå og inn . Livet er her og no, i møte med alt rundt deg.

Vårjamdøger - natt og dag er like lange i dag. Lyset vinn over mørket att og vi får stadig lysare dagar. Det er tid for ut, ut av den trygge hola og møte liv att. Litt klokare av erfaring etter to spesielle år. Kanskje må du ta det steg for steg

Mars og Venus går hand i hand gjennom februar og halve mars i Steinbukken sitt teikn. Det er ei fin tid for å meditere på din ibuande Mars og Venus. Korleis jobbar desse saman i deg ? Korleis kommuniserar dei ? Dess bedre dei fungerar i deg, dess bedre fungerar dei i eit forhold.