CHIRON I VÆREN

18.04.2018

Chiron i Væren frå 17.april til juni 2026

Chiron brukar ulike tid i kvart teikn, frå 2 til 8 år. I Væren er den heile 8 år


Chiron handlar om våre djupe sår og healing av desse. Chiron er halvt hest og halvt menneske. Chiron vart såra av ei pil og måtte lære seg å leva med smerta og akseptere sin skjebne. Symbolet for Chiron er ein nøkkel, ein nøkkel som symboliserar din evne til å heale dine sår ved å ta det fram i lyset og bearbeide det. Med å vera ærleg mot deg sjølv og akseptere det som har skjedd, slik kan du verta heala.

Healing av ditt mot, din vilje og din handlekraft


No når Chiron står i Væren i 8 år handlar det om kvar din kjensle av deg sjølv har vorte svekka. Væren er den råe krigaren og det handlar om ditt ego. Det handlar om healing av sinne og aggresjon som kjem ut, eller kanskje du er ein av dei som undertrykker sinne ditt og skjuler det i kroppen ?.

 Det handlar om korleis du brukar vilja di for å få til det du vil. Kjenner du deg undertrykt eller stangar du deg fram ? Det å balansere vilja si er ikkje  alltid lett. Det er viktig at ein ikkje er så oppteke av å handle at ein gløymer lytte til kroppen sin. Samstundes skal ein balansere vilja si mht til dei ein har rundt seg. Vi må lære relatere til andre utan å påføre sår.

Væren er eit maskulint teikn som har eit sterkt instinkt for overleving. Det kan vera sår i å uttrykke seg og manifestere det ein ynskjer. Du får nokre år no på å heale dine sår som handlar om din vilje, mot og handlekraft, slik at du kan gå din eigen veg med fred og kjærleik. Sår som har vorte heale kan gjera at du kan verta ein god healer for andre.