Nymåne i Skytten 29.11

29.11.2016

 I dag har vi Nymåne kl 13.18 på 7 gr Skytten. Når det er Nymåne, står Sol og Måne i konjunksjon . Saturn og Merkur er og i Skytten sitt teikn. Det er ild, det er mot, handling og ny start. Det er optimisme og tru.

Når det er Nymåne er det fin tid for å starte noko nytt . Skytten er framtidsretta og ser ikkje attende, så det er fin tid for å starte nye prosjekt, ny utdanning eller kurs, planlegge reiser eller setja deg mål for framtida. Lag deg nokre visjonar.



Vi treng alle meining i livet. Det er ikkje nok og berre leve, vi treng noko som inspirerar oss, som gjer glede og håp. Vi treng ei meining med det vi driv med. Denne krafta kan du finne i deg no ved nymånen i Skytten. For intuisjonen ligg i Skytten sitt teikn.

Vi treng å tru på noko, tru på det gode. For korleis kan ting skje om du ikkje trur på det ?


Månen og Sola står i kvadrat til måneknutane og Neptun i Fisken. Det er viktig å ta fram draumane dine. Kanskje lengtar du etter noko større, etter meir ro og sanning i livet ditt. Ein lengsel etter kjærlighet og fred, og at vi alle kan leva i meir harmoni med kvarandre. Etter noko som ikkje er fysisk.

Ta fram filosofen i deg. Kom deg ut i naturen og kjenn på stillheita og sjå det vakre lyset på himmelen no når julemånaden startar . Sug det til deg. Hent styrke i naturen no i mørketida, og gå framover med ny optimisme. Kjenn deg fri ! Fri til å gjera det du ynskjer gjera, og ikkje det du bør gjera.

Saturn står i Skytten sitt teikn og kan hjelpe deg manifestere din veg og dine draumar, om du har lagt eit godt grunnlag.

Våg å drøyme store draumar !

God advent !