DINE ULIKE KVINNEROLLER - DET FEMININE ASPEKT

16.04.2018

Ynskjer du koma meir i kontakt med dei ulike kvinnerollene i deg sjølv?

Tolking av kartet ditt ut frå alle dine ulike kvinneroller

Vi er alle fødd med ulike del-personleghetar som kvinne. Vi strevar mellom å vera ei god dotter, ei god mor og det å vera aktiv i yrkeslivet. Vi ynskjer alle gode forhold i kjærleikslivet, det å kunne vera sterk og sensitiv, utan å miste seg sjølv. I vårt horoskop er det berre to av ti planetar som er feminine, og det er Månen og Venus. 

I tillegg har vi små asterioider som har fått navnet til gudinnene. Her på bildet ser vi Ceres, vår modergudinne  -korleis du nærar deg sjølv. Juno - din rolle som ei god kone. Om å stå i din egen kraft, din indre dronning.  Pallas Athene - din rolle som yrkesaktiv, om å realisere seg sjølv.

Månen - planeten for mor-datter, for kroppen vår og kjenslene våre

Månen er den feminine ubevisste planeten og er ein stor og viktig planet for oss. Den står for det mottakande prinsippet som er der frå vi er fødd. Det er planeten for mor-barn og for våre kjensler og vår kropp. Månen syner til kva som gjer oss næring og kvar vi kan hente tryggleik. Månen herskar over hus og heim og intensjonen vår.

Sola i horoskopet står for din personlegdom og din bevisste maskuline kraft. Det er den livgjevande planeten som fortel kven du har kome her for å vera. Om vi berre er i den maskuline krafta vår, i Solkrafta, og avviser Månen, mistar vi kontakten med kroppen vår og det å ta vare på den.

Samfunnet vårt i dag er veldig maskulint og det er nesten eit krav om at vi skal jobbe, trene og stå på og prestere til ei kvar tid. Vi har bevega oss vekk frå måneprinsippet om at ting går i syklusar. Akkurat som Månen skiftar mellom nymåne, veksande måne, fullmåne og minkande måne, slik bør vi lytte til vår kropp med å kjenne når vi treng kvile og når vi kan gå ut og vera meir aktive. Kroppen har ulike stemningar, for vår emosjonelle tilstand er knytt til kroppen. Kroppen syner oss glede, smerte, sjukdom og aldring. Slik som Månen går i syklusar, slik er livet vårt og. Sola er knytt til evigheten, ein sirkel, medan Månen handlar om liv og død og fødsel.

Balanse mellom det feminine og maskuline

I samfunnet i dag er det det mentale som råder og kanskje vert mest verdsett. Det seies at tankane styrer oss, men om vi ikkje lyttar til det emosjonelle og kroppen får vi ingen balanse. Det er lett å ha mykje vilje og ha eit ynskje om å prestere heile tida, men alt må henge med. Det nyttar ikkje i lengda å presse tankane til å tenke positivt og fornekte det kjenslene våre og kroppen vår fortel oss. Det er ei tid for alt, jobb, kvile, vera aktiv og trekke oss attende og gje seg sjølv næring. Vi treng balanse mellom det maskuline og feminine prinsippet i oss. Vi må passe på å gje oss sjølve næring og tryggleik, ingen andre kan gjera det for oss.

 Om vi gjer det fyrst og er i god kontakt med kroppen og intensjonen vår, så kan vi trygt bevege oss ut og gå i Solkrafta som tilbyr mot, energi og vilje til å få til det vi ynskjer. Akkurat som Sola på himmelen gjer lys til Månen, slik kan vi nære oss sjølve og få balanse mellom handling, tankar og kjensler, om vi verdset det feminine i oss og lyttar til kroppen og vårt indre. Det indre speglar det ytre, og motsatt.

Asteroider/små planetar - som har fått navnet til dei ulike gudinnene

I horoskopet er det fleire små planetar/asteroider som fortel meir om korleis du best kan leva ut eit breiare spekter av det å vera kvinne. Desse små planetane har fått namnet til ulike gudinner som kvar enkelt syner til di rolle som mor, dotter, kone og di rolle i yrkeslivet. Eg har gått eitt år i lære om det feminine prinsipp og fordjupa meg i det, og syns det er utruleg spennande. Eg har sjølv kjent sterkt på kroppen min kor delt eg har vore mellom det å ha mykje vilje og det å lytte til kroppen. Det er som om hovudet mitt har vore delt frå kroppen til tider. Dette å balansere vilja er ikkje lett, samstundes som vi alle er så utruleg ulike, noko vi skal respektere. Det er berre du sjølv som veit kva som gjer deg tryggleik og næring, om du tek deg tid til å lytte til det. Nokre av oss treng mykje kvile, medan andre kan vera veldig aktive. Nokre er veldig sosiale, medan andre likar å trekke seg attende for å hente seg inn. Nokre prioriterer familielivet, medan andre prioriterer karrieren. Om vi trekker oss for mykje inn i oss sjølve og berre vil vera heime, er vi for mykje i Månekrafta. Vi treng ut i samfunnet for å få impulsar til å kunne vekse.

Venus -kva du verdset i deg sjølv og andre


Venus som dei fleste forbind med som kjærleiksplaneten, står for kva du verdsett i deg sjølv og i andre. Ingen kan verdsetja alt eller elske alle. Venus symboliserer ein kvalitet av kjærleik til deg sjølv og sjølvverdi, som kan gje glede til andre, men som ikkje er avhengig av andre for ei kjensle av sjølvverd. I motsetning til Månen som søkjer forhold for emosjonell sikkerhet og for det å ha det bra. 

Ynskjer du samtale rundt dine tema som kvinne ?


Eg hjelper deg gjerne med å tolke ditt kart ut frå Månen, Venus og gudinnene. Eg har laga eit eige innlegg på bloggen min om dei ulike gudinnene eg tek med i tolkinga, og kva dei står for. Les meir her: GUDINNENE

Det å kjenne seg heil og kunne leva ut alle sidene av det å vera kvinne, utan at ein føler ein må forsake noko. Vera sterk, men og tillate seg å vera sårbar. Kunne stå i sitt senter når ein kjenner det stormar rundt seg, utan å miste seg sjølv. 

Eg håpar du syns dette er like spanande og viktig tema som eg.

Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt!