GUDINNENE

16.04.2018

Tolking av ditt kart ut frå det feminine 

Månen og Venus, samt små asteroider som har fått navnet til ulike gudinner, vert nytta i tolkinga.


Å få ei god balanse mellom det maskuline og feminine i oss er utruleg viktig. Vi strevar alle mellom å vera ei god dotter, ei god mor og vera aktiv i yrkeslivet . Vi ynskjer alle gode forhold i kjærleikslivet, det å kunne vera sterk og sensitiv, utan å miste oss sjølve. 

Her har vi 6 gudinner som kvar enkelt syner til ulike kvinneroller i oss. Når eg tolkar deg ut frå det feminine prinsipp, ser eg på desse gudinnene, samt Månen og Venus.

Ceres: Ceres er den store modergudinna. Plasseringa i horoskopet syner måten du er i mors- og omsorgsrolla på. Ho syner evna til å gje næring til andre, men og korleis du gjer næring til deg sjølv. Ceres er vår vernegudinne for morskjærleik. Ceres er gudinna for fruktbarhet og jordbruk, særleg korn. Les meir her : Ceres -Modergudinna

Persefone: Persefone er dotter av Ceres. Ho representerar frigjering frå mor, om å individualisere og gå vår eigen veg i livet. Når ho har vorte vaksen og kome inn i sin eigen kraft og styrke, er ho dronning av underverda. Ho syner til det som ligg i underbevisstheten vår. Les meir her: Persefone - dotteraspektet

Vesta: Gudinna Vesta har med å kunne stå i sitt eige senter og kjenne sin eigen energi. Vesta lærer oss å vende energien innover slik at vi stolar på vår intuisjon. Det handlar om å vekke opp vår indre flamme eller vårt spirituelle senter slik at vi står støtt i oss sjølve. Les meir her: Vesta - den hellige flamma

Pallas Athene: Pallas Athene er gudinna for visdom. Ho representerer den delen av oss kvinner som realiserer oss sjølv i verda. Ho handlar om kvinna som er sjølvstendig og står på eigne føter. I dag er det mange val innan utdanning og yrke og Pallas Athene kan syne til korleis du kan bringe din visjon ut i verda.

Juno: Juno er gudinna for ekteskapet og partnerskap. Juno i horoskopet syner til kva du treng i eit forhold og korleis du best kan blomstre der. Juno handlar om å stå i vår eigen kraft, vår indre dronning, om sjølvrespekt og kontroll over deg sjølv. Vi må finne vårt område der vi kan utvikle oss og tre inn i vår kraft. Les meir her: Juno - gudinna for ekteskapet

Medusa: Er viskvinneaspektet av Pallas Athene. Gjennom Medusa kan vi sjå kva som må verta heala i oss sjølv og verta transformert, og kva nye potensiale som ligg der. Medusa kan syne til dei delane av oss som har vorte avvist og undertrykt. Skuggen kan innehalde potensiale som vi ikkje har levd ut og som vi ikkje har anerkjent og fått utvikla seg.

Sjå meir på bloggen her: DINE ULIKE KVINNEROLLER - DET FEMININE ASPEKT