EKLIPSE MÅNDAG 21.AUGUST KL 20:30

19.08.2017

Nymåne og Soleklipse

Måndag 21.august har vi Nymåne, men og det vi kallar Soleklipse. Månen dekker for lyset til Sola. Eklipsen, eller formørkelsen, starta 7.august på fullmånen med at vi hadde ein Måneeklipse. No 21.august har vi ein Soleklipse i Løva sitt teikn. Eklipser kjem alltid i par.

Eklipsen kjem på 28gr og 51 min dvs nesten 29 gr.Løve. Om du har planetar der, eller i aspekt til dette, vil du merke det ekstra sterkt. Eklipse er den sterkaste transitten du kan ha. Om du har horoskopet ditt, kan du sjå kva hus Eklipsen hamnar i for å sjå kvar du får størst påverknad. Berre nokre timar etter Eklipsen, går Sola inn i Jomfruen sitt teikn.


Det er sterke energiar ute og går når det er eklipse. Eklipse handlar om endring, så er du klar for ei overrasking ? I gamle dagar vart eklipsar sett på som skumle ting, då dei frykta kva det kunne føre med seg. Det vert sagt at på eklipser er sjelen vår meir mottakeleg for endringar. Noko i oss ynskjer kanskje koma vidare, eller verta styrka. På Nymåne er det fin tid for å starte nye ting, setja oss mål, bestemme oss for kva vi ynskjer ta tak i framover. På Eklipse i Løva sitt teikn kan dette forsterkast ved at det kan gje oss ekstra styrke. Så gjer deg klar for ny start og nye moglegheitar.

Når Sol og Måne står saman i Løva sitt teikn, er det tid for å kjenne etter kva hjartet ditt fortel deg. Løva er knytta til hjarte. Det handlar om å utstråle styrke og mot frå ditt ekte deg. Ta styring i ditt eige liv og kjenne etter kva som gjer deg godt, slik at du kan ta med denne hjartevarmen ut til andre. Det handlar om å gje og ta imot. Løva er generøs og gavmild og veit å rose og gje støtte.

Sola herskar i Løva sitt teikn. Det handlar om å utstråle lys og varme. Når du er i kontakt med ditt indre og handlar ut frå din sanning, det du trur på, kan du utstråle ekthet. Då kan du verta sett og hørt. For Løva har mykje kjærleik og gje, men vil ha ros og tilbakemelding, ellers går han tom. Det handlar om å få og gje respekt.

Løva har mot og styrke, akkurat som Løva ute på savanna. Han veit når han skal trekke seg tilbake og søke ro for å styrke seg sjølv, og når han skal vera der ute og handle.

Løva sitt teikn forbind vi med kjærleik, dans , moro og kreativitet. Det er tid for å sjå om du har nok glede i livet, eller kvar du kan hente meir av det. Livet skal vera glede og moro og ikkje berre plikter. Vera saman med dei som kan gje deg glede og bygge deg opp. For vi treng alle kjenne på kjærleik rundt oss. Bruk kreativiteten din og skap det gode rundt deg. Om kvardagen er litt grå, så fargelegg den. Fyll opp hjartet ditt.

Løva handlar og om det indre barnet. Når tok du kontakt sist for å høyre kva som er best for deg ? Spelar du og det indre barnet på lag ? Kanskje det er mykje latter og glede der inne som ynskjer verta teke fram.

Om du har gode dagar eller slit med noko, så vil Løva at du er sann mot deg sjølv. Kun du kan bygge opp deg sjølv og finne ut kva du ynskjer med livet ditt. Ingen andre kan gjera det for deg eller fortelja kva som er bra for deg. Du må stole på deg sjølv og ditt indre og styrke det. Gje deg sjølv respekt. Bli sjef i ditt eige liv !

Sol og Måne står i trigon til Uranus i Væren. Det handlar om bråe endringar. Ting kan koma til deg fortare enn du hadde tenkt, eller du får eit glimt av kva du ynskjer, kvar du kan styrke deg sjølv. Ein ny informasjon er tilgjengeleg for deg om du tek deg tid til å lytte og handle ut frå hjartet ditt. Uranus hjelper deg å koma vidare.

Stjerna Regulus, som er den sterkaste stjerna i konstellasjonen Løva, står og på 28 gr Løve. Den gjer berømmelse og suksess til dei som fortjenar det. Om du ikkje gjer deg fortjent, vert du vippa frå trona, eller mistar kraft.

Alle desse energiane ligg der og ventar på deg der ute og forsterkast med Eklipsen, men du må sjølv vilje det og gjera noko med det. Opne opp for det. Det er ikkje slik at ting skjer den dagen, men du kan gå inn i ei endring, inn i eit skifte. Energiane frå eklipsen kan vare i inntil 18 mnd.

Eg ynskjer dykk alle ei fin Eklipse. Ta fram alle fargestiftane og fargelegg livet ditt i den farga du ynskjer. Ver open for om ei ny dør opnar seg no, og gå gjennom den. Akkurat no har du mot og styrke til å gjera endringar slik at du kan leve meir ditt autentiske liv. Bruk helga til å finne gode intensjonar for deg sjølv. Skriv dei ned og ta deg ein tur ut på kvelden måndag og kjenn på energiane . Naturen, Sola og Månen kan gje deg gode svar ! 

GOD EKLIPSE !

Ta styring i eige liv !


P.S: Dette vert kalla den store amerikanske eklipsen fordi den går rett gjennom USA sitt kart. Det som og er spennande, er at Trump har ascendanten sin på 29 gr Løva. Så amerikanske astrologar har prata om denne eklipsen i heile 2017. Kva som vil skje veit ingen, men at han får denne eklipsen på ein viktig plassering i sitt horoskop, på sitt ego i Løva, er det ingen tvil om. Så får tida syne .....