Høgsensitiv

08.03.2021

Å vera høgsensitiv og ein empat kan vera veldig slitsomt om du ikkje set grenser for deg sjølv. Du vert fortare stressa og sliten. Kroppen tek inn alt sansane registrerer.  Klarar du å få det ut av kroppen din slik at du ikkje vert forgifta ?


Å vera høgsensitiv kan vera veldig slitsom, om du ikkje er det bevisst. Å vera høgsensitiv betyr at du er påverka av andre menneske sine energiar heile tida. Du registrerar atmosfære og sinnelag. Andre menneske sine tankar og kjensler verkar inn på deg utan at du er klar over det. Nervesystemet er meir fintfølande og mottakeleg for sanseinntrykk, stemningar og stimuli. Du treng meir tid til å bearbeide opplevingar, då det går djupt i deg. Du vert fortare sliten og treng meir søvn enn andre. Alle folk er sårbare og sensitive, men høgsensitive  vert overvelda av kjensler og vert fortare stressa.

I will fix  You

Du som er høgsensitiv tek alt inn i kroppen din, om du ikkje har eit filter. Du kjenner det på deg fysisk. Du kjenner kroppen er sliten om du tek deg tid til å lytte, men ofte  trumfar du den og køyrer på. Slit med at andre har det vondt og at andre lir. Ynskje om å hjelpe er ofte så stort at du gløymer registrere korleis du sjølv har det. Du vert oppteke av å fikse. Fikse andre. I will fix You. Heilt til kroppen stoppar deg på ein eller annan måte.

Dette er veldig Fisken sitt tema på eit uforløyst plan. Har du mange planetar i Fisk, er du mest sansynleg høgsensitiv. Eller om du har ein sterk Neptun i ditt horoskop, som er planeten som herskar i Fisken sitt teikn. 

Det sensitive kan vera ei styrke

Dette sensitive og sårbare, denne feminine sida i oss alle, er ikkje berre negativt. Du er hjelpsam og audmjuk for andre, og du registrerar kva andre treng utan at det vert sagt. Du kan vera ein god støttespelar og medmenneske, og det trengs i vårt samfunn i dag.  Berre hugs å trekk deg vekk å få den kvila du treng, og lytt, lytt til kroppen din. Kroppen fortel kva du treng akkurat no om du er god venn med den. Du kan snu det sensitive mot å lytte til deg sjølv og din kropp, og ikkje berre mot alle andre. Brukar du det sensitive mot deg sjølv så veit du om du treng kvile, mat, søvn eller ein god klem. Men for at du skal klare det treng du ro og ikkje vera i stress.  Bruk naturen eller meditasjon for lading, eller spel musikk. Og du treng ikkje høyre for mykje på nyhetene i desse tider. Berre pust !

Dette er eit tema eg kjenner godt. Med mange planetar i Fisk er eg ekstremt høgsensitiv og kroppen har vore som ein svamp. Den har teke til seg den eine sjukdommen etter den andre. Det har til tider vore for mykje storm ! Det har tatt lang tid å lære seg knepa med å stenge og lytte til kroppen, men eg hadde ikkje noko val til slutt. Sjølsagt trampar eg uti det att no og, men no skjønar eg kvifor og kan hente meg inn att. 

Sol i Fisk møter Neptun

No denne månaden har vi Sola i Fisken sitt teikn og den møter Neptun på torsdag 11.mars. Kanskje kjenner du på denne sensitive og sårbare sida di no. Den som ynskjer vera eit godt medmenneske, men som må ta vare på seg sjølv også. Planeten Neptun står i Fiskene sitt teikn og skal gjera det i mange år. Vi skal alle kjenne litt på og utvikle denne sårbare og sensitive sida vår, denne feminine og hjelpsomme sida . Neptun er mykje meir enn dette, men dette er ei side av den. 

Ha ei god veke kjære du ! Tillat deg å vera sårbar !

Lytt gjerne til Fix You m/Coldplay  Ein sang for oss fiskar :)

Og når du vaknar om morgon, sjekk inn i kroppen du korleis du har det, før du set på telefonen og sjekkar korleis alle andre har det der ute !!