Finne kraft og indre styrke 

30.05.2019

Kvar hentar du din indre styrke ?

Vågar du gå inn og kjenne på den, eller hastar du vidare ?


Kvar vi hentar vår styrke er nok ulikt. Nokre kan virke som dei har den heile tida, men eg trur alle hentar den på eitt eller anna område. Bevisst eller ubevisst.

Nokre er veldig sosiale og hentar styrke via andre menneske, kanskje partner. Nokre via meditasjon, medan mange tyr til naturen. Kvar du finn din kraft spelar ingen rolle. Det som er viktig er at du finn ein måte å hente kraft på og at du føler at du vert styrka i det du gjer.

Eg er vorte veldig glad i meditasjon, og då gjerne ute i naturen. Sensitiv som eg alltid har vore, så er det fint og hente kraft ute i det fri. Ei stille stund heilt aleine i det opne, berre vera, berre ta inn. Berre lytte til naturen og lytte innover, inn i meg sjølv. Fjelltur, ved havet, i hagen eller i nærmiljøet.


Naturen, den store kraftkilda

Gamle, store bjørketre og mosegrodd steingjerde omkransar min healinghage.

Livet har sine utfordringar for alle, ingen går gjennom livet utan  motgang, nokre større enn andre. 

I 2011 vart eg alvorleg sjuk og var langt ned fysisk og psykisk, etter å ha stadig vorte svakare gjennom fleire år. Det tok lang tid før helsevesenet, eller andre, skjønte kva som svekka meg så kraftig.

 Då hadde eg to val . Gje opp og legge meg ned, eller kjempe vidare og stole på meg sjølv og ei større kraft. Eg valgte stole på min eigen styrke og samtaler med universet og englane. I den tida der gjekk eg inn den porten du ser bilde av, eller det vil si eg vart "jaga" inn. Eg gjekk stadig tur forbi den gamle stavkyrkjetomta i Gol, og ein dag kom det "ein mørk skikkelse" hoppande framfor meg og ba meg gå inn. 


I 2011 fekk eg min diagnose som dessverre var kreft med spredning. Her på denne plassen ba eg mine bønner og gret mine tårer, både før og etter operasjon.  Aleine ute i det fri der naturen tok meg imot. Der himmelen lyste over meg og den vigsla jorda tok imot alle tårene mine og all frustrasjon.

Dei store, gamle bjørketrea med sine kraftige røter står der som eit bilde for kraft og styrke for meg. Dei har klart seg i mange år og har stått oppreist i alle stormane. Eg måtte stadig ta på dei og hente kraft den tida. Steingjerde er for meg eit bilde på at stein for stein, og steg for steg, kan ein bygge seg opp att. Men steingjerde er og eit bilde for grensesetting. Skulle eg klare bygge meg opp att etter operasjon trong eg  finne meg sjølv heilt og fult, og då måtte eg setja grenser for meg sjølv og mange ting i livet. Eg trengte masse aleinetid. Eg var ekstremt vár for alt, og trengte vera i min indre healinghage  for å finne ut kven eg eigentleg er og kva som var, og er, viktig for meg framover i livet.

Eg valgte livet og har kjempa meg opp att, steg for steg, stein for stein. Større og større røter veks det under meg. No kjenner eg meg sterk, og er veldig takknemleg for min eigen kamp og styrke. For hardt arbeid har det vore, knallhardt arbeid som ikkje kan beskrivast her.  


Våge leva det livet eg før hata og leve

Jording, grensesetting og nytt liv

Eg er stadig innom plassen og takkar. Takkar for min kraft og at eg vart bønnhørt. Eg er ikkje ein kristen person som treng kyrkja og menigheten, men eg trur på at det er ei større kraft rundt oss om vi lyttar. Og kanskje er den endå meir tilgjengeleg når vi slit som mest ? 

For meg var det slitsomt med alle folk sine meiningar og råd. Eg måtte finne meg sjølv og verta kjent med mitt indre og min sjel. Finne ut kva som var meininga med alt dette vonde og korleis EG best kan leva mitt liv med kronisk kreft. Våge leva det livet som før var så vondt og vanskeleg.

Nokre dagar lengta eg etter at nokon skulle halde rundt meg og gje meg støtte og si at det går bra. Eg levde aleine og hadde ingen der i kvardagen. Så fann eg ut at om eg fekk ein klem så var det kortvarig, det varma ikkje det indre i lengda. Eg var svolten på noko meir i mitt indre, ein indre varme.  

 

Tru, håp og vilje til å styrke 

Eg trur vi alle har eit kraftsenter inni oss, men vi må stole på det

I etterkant har eg skjønt at alle turane i naturen, alle bønnene og alle dei små teikna eg fekk, alt som eg ikkje gav opp å tru på,  har hjelpt meg å bygge opp styrken min. Og at det er den indre styrka som er viktigast, ikkje den ein får via andre menneske, men den ein sjølv bygger opp. 

Akkurat no er livet fint tross alt, eller kanskje nettopp difor ?  Kanskje livet mitt er rikare no !?!

Eg har funne min måte og leva mitt liv med kronisk kreft på, og kjenner på ei stor styrke og takknemlegheit. No kan eg vera sosial att og vite kven eg er og kvar grensa går.  Men ingen får ta frå meg aleinetida i naturen og styrka den gjer meg. Den er livsviktig for meg ! Naturen rensar meg og bygger meg opp att. Og kanskje er alt forsterka for meg no. Alle lukter, lyder og små gledelege detaljar som gjer dagen min. Eg er nok veldig vár for alt, men óg vár for det gode.


Eg håpar du finn din måte og styrke din sjel på !

Eg trur vi alle har eit kraftsenter inni oss som gjer oss svar. Om vi stolar på det, og om vi tek oss tid til å lytte !  Om du kjenner på tunge stunder eller tunge dagar, så er det viktig å ha ei kraftkjelde og bygge seg opp med. Bruk naturen for alt den er verd, den ligg der heilt gratis og tek deg imot meir enn eit menneske kan gjera.  Naturen tek deg imot og den bygger deg opp, og hjelper deg med å finne dine sanne svar ! Og aldri gje opp !! Stol på at det du kjenner er rett for deg, det skal du leva etter !  

Når det gjeld våre norske forfedre så var det naturen som var den store kraftkilda. Mange var bønder og gjekk på jorde og levde i pakt med naturen og alle signala dei fekk. I dag som det er så mykje prat om sjamanisme, så handlar vel det i bunn og grunn om å bruke naturen sine krefter.


Ynskjer deg ein god sommar og at du finn din indre healing hage !

Skulle du trenge råd for å finne din styrke og din kraft, så er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt. Horoskopet kan gje ein god peikepinn, samt ei god samtale !