FRYKTEN FOR AVVISNING

22.10.2018

Om du er mykje avvist som liten er det gjerne som ei stor skodde som vert med deg som vaksen. Heilt til du snur deg og ser på det, set lys på det. Hugs at den spira er sådd av andre, den er ikkje deg . DU er verdifull med alle dine feil og manglar !  Verdset deg sjølv du flotte kvinne eller mann !

Avvisning - sårt og vanskeleg


Avvisning er eit stort tema, men eg vakna opp ei natt i helga og fekk for meg at eg skulle skrive litt om det.

Å verta avvist er sårt og vanskeleg, både som liten og som vaksen. Vert ein avvist mykje i barndommen kan tema setja seg så godt fast at ein tek det med seg inn i vaksenlivet. Om det er dei i næraste krets som avviste deg når du var liten, er det ikkje lett å bygge seg opp att, for det er som det sit i ryggmargen din. Men det er mogleg ! Det tek berre tid og sjølvsagt mange krefter. Men når du har gjort den jobben får du det betre og du forstår andre mykje betre. Du får ein større empati og ein større styrke i deg sjølv.

Om ein ikkje vert avvist i situasjonar i vaksenlivet, så kan mønsteret sitja der så veldig at ein sjølv trekker seg i frykt for å verta avvist. Nokre gonger er det betre å ha kontrollen sjølv og bli heime, ikkje ville delta, trekke seg frå han/ho som vil vera kjæresten din, ikkje orke vera saman med den eller den, fordi at då slepp ein kjenne på den vonde kjensla det er med å kanskje verta avvist. Men kva skjer då ? Du kjenner deg avvist og aleine, men har sjølv vore med å skapt den vonde kjensla. Frykten får overtaket, frykten for å verta avvist heng over deg som ein vond, svart skodde. Nokre gonger avviser du kanskje andre ubevisst, andre som aldri hadde vilja avvist deg, men kunne vore ei god støtte for deg. Men du har ikkje hatt trua på det, for avvisning er eit mønster du har kjent så godt. Det har vorte ein sanning i deg. Om du ikkje vågar delta kan du ikkje få sjekka det ut. Kanskje sit det så djupt i deg at du trur at når den avviste meg og den avviste meg, kan ikkje andre elske deg heller. Nokon har sådd noko i deg som liten som er feil og ei kjempe vrangforestilling !

Du er god nok slik du er !

Om du ikkje kjenner deg verdifull eller ingen har sagt til deg som liten at du er flott, du er verdifull, du er akkurat den du skal vera. Om du ikkje kjenner deg elska for den du er, men for det du gjer, så kan det sitja ein mønster der som at ein trur ein må vera snill og grei og stelle godt med andre for å verta sett. Om ein ikkje seier ja heile tida og står på, er frykten der for at nokon avviser ein. Kan ikkje si nei, for då syns folk du er vanskeleg, då vil dei ikkje vera med deg. Du strekker deg og strekker deg, men kanskje vert du avvist likevel fordi folk kjenner at du ikkje er ekte. At du ikkje meinar det du seier og folk vert usikre på deg. Meinar ho ja eller meinar ho nei ?  Har du tenkt på kor mykje lettare du syns det er om folk seier eit klart ja eller eit klart nei ? Alle likar at andre er klare i sine grenser eller ærlege og seier korleis dei har det. Kanskje du sårar nokon akkurat der og då med å si nei, men folk vil respektere deg for det, for dei veit at du seier ja ei anna gong. Du er tydeleg og andre kjenner seg trygge.

Nokre har kanskje hatt ein fin barndom og er trygge og seier ja til alt. Om du er av dei som har hatt det utrygt og grenselaust i barndommen vil du syns det er vanskelegera og vera PÅ heile tida. Og det skal du respektere deg sjølv for ! Du må kanskje vurdere litt før du seier ja til den festen, ja til den turen, ja til å dele opplevingar med andre. Du må kjenne etter om du har lyst og om det kjennes rett ut for deg, om du kan kjenne deg trygg i lag med dei andre. Og det er heilt greitt. Men samstundes er det ein ulikheit i det å seie nei fordi ein ikkje vågar eller nei fordi ein ikkje kjenner at det gjer ein noko av verdi. Ein vil alltid verta utfordra av andre menneske. Det vil alltid vera nokon du går godt med og andre du kjenner mindre tiltrekking til, men om du står trygt i deg sjølv går det fint og delta og dele med andre. Nokre gonger skal ein våge, andre gonger er det rett og si nei takk det passar ikkje meg, berre det kjem frå deg og din sanning og ikkje frå frykten for avvisning.

Ein treng ikkje gå inn i andre sitt kaos om du syns det vert for mykje. Vi er alle opp og ned i psyka vår. Nokre gonger kan vi vera der for å hjelpe fordi du har energien til det, medan andre gonger kan du kjenne på at du ikkje skal gå inn i den energien til den andre, at du har behov for å setja grenser til deg sjølv, men vi treng ikkje avvise den andre for det eller fortelja den andre sanninga. Det handlar om å la vera å gå inn i det, stå i ditt felt og halde avstand. Om den andre kjenner seg avvist fordi han er avhengig av deg, er det den andre sitt tema som du ikkje skal ordne opp i. Tema som den andre har ansvar for.

Stå i din kraft i lag med andre

Venus går retrograd i Skorpion no. Kanskje kjenner du på frykt og på avvisning. Venus er planeten for kjærlighet, for å verta elska, for å elske, for å verdsetja seg sjølv, for å finne det som har verdi for ein. Om ein kjenner seg fråstøytt vert ein såra, då vert ein utrygg i møte med andre. Prøv å kjenn etter kva Venus prøver å fortelja deg no om dagen, og særleg no under fullmånen.

Venus herskar i Tyren som handlar om å elske seg sjølv, pynte seg, ta vare på kroppen, om å bruke alle sansane, om å finne sine verdiar i livet og stå i dei. Om å våge gjera jobben med å finne ut kva som har verdi for deg og kva du likar, slik at du kan vera sann mot deg og din fysiske kropp i møte med andre.

Venus herskar og i Vekten som handlar om å dele med andre, dele livet, dele tankar, om å kjenne at ein høyrer til med andre. Om å ville ha harmoni rundt seg og ikkje konflikt, men for å få det må ein nokre gonger seie nei. Ein kan ikkje tilpasse seg for ein kvar pris, for då vert ein i den eine vektskåla. Ein skal heller aldri alltid trekke seg og bli for ego, då er ein i den motsette vektskåla. Det handlar om å vera sann mot seg sjølv i møte med andre, om å nokre gonger gje, men andre gonger klare ta imot. Stole på at andre vil deg vel og har noko godt å tilby, som kan vera vanskeleg om avvisninga sit djupt.

Skorpionen sin fullmåne 24.oktober

No går Sola inn i Skorpionen sitt teikn der han møter Venus som går retrograd, og det bygger seg opp til ein fullmåne 24.oktober. Sola har akkurat gått inn i Skorpionen sitt teikn på fullmånen, og lyser opp månen i Tyren der akkurat dette med verdiar vert belyst frå alle kantar. Kanskje kjenner du på at det er snart fullmåne, for dagane før kan vert trykkande. Med Venus i møte med Sola vert ein sårbar, sårbar overfor andre, samstundes som Venus retrograd prøver å si deg noko i ditt indre. Venus prøver å lyse opp det du ikkje har verdsatt i deg sjølv, eller område du skal verta meir kjent med og styrke opp. Sola i Skorpionen hjelper deg med å gje slepp på det som ikkje lenger tener deg. Om det er alle dei negative tankane du har til deg sjølv om å ikkje vera bra nok, eller frykten for å verta avvist, eller tema om at du ikkje finn den du vil elske, eller at du skal våge syne fram alt det du er god til. Du sjølv veit kva tema som er modent i deg for å transformerast no. Uranus i Tyren blandar seg og inn og ber deg finne dine verdiar.

Kva likar du gjera ? Kva verdsett du ?  Kva treng du no ? 

Om du vert avvist, elskar du deg sjølv ? Kanskje er det det vesle frøet om at du ikkje er bra nok som er tema du skal våge jobbe med no, slik at det kan forvandlast. Du må starte med å vera god mot deg sjølv og elske deg sjølv, for når andre ser det vert dei tiltrekt av det. Våge syne deg fram med alle dine feil og manglar, for ingen av oss er perfekt, sjølv om vi prøver å syne oss fram slik bak maska vår. Alle har sitt. Det mønsteret du har med deg frå barndommen har vore eit tema som var ei sanning då, om kanskje å halde ting skjult, om å bygge mur, om å kanskje ikkje verta verdsett for den du er, om å verta avvist.  Men no som vaksen kan du sjølv gjera noko med det. Sjå at det er ein illusjon som andre har sådd i deg. Skorpionen kan hjelpe deg med å rive muren no om du er klar og vil gjera jobben med det. For du er fin og verdifull akkurat slik som du er ! Syn det fram ! Ver stolt over alle stormane du har klart og stå i og kor sterk det har gjort deg ! Om du ikkje verdsett deg vil ingen andre gjera det. Omfamn deg sjølv og gje deg sjølv ein klapp på skulderen.

God fullmåne, kjære du !

PS. Og skulle du ha behov for å dele ting rundt frykt for avvisning, om det er vanskeleg å bæra for deg, så hugs at det er lettare å bæra om det vert delt med nokon. Få trollet til å sprekke. Ta gjerne kontakt om du ynskjer det !