FULLMÅNE 10.MAI 

10.05.2017

I dag kl 23:42 er det ein kraftig fullmåne. Kanskje har du kjent på det allereie. Nokre får ikkje sove og vert oppstemt, medan andre vert sårbare og slitne. Kjensler dukkar opp, og desse dagane kan det vera ekstra sterke energiar.  

Sola i Tyren - Månen i Skorpion


Sola står i Tyren sitt teikn og lyser opp fullmånen i Skorpion. Når det er fullmåne er noko brakt til ein fullending eller fullbyrdelse. Noko du har bore på over lang tid kan koma opp og er modent for å gje slepp på. Månen handlar om kjensler, og teiknet Skorpion er eit vannteikn som symboliserar sterke og djupe kjensler. 


Skorpion handlar om transformasjon og det å gje slepp. Gje slepp på noko gamalt for at du skal rydde plass til det nye som ventar deg. Månen styrer bl.a. flo og fjære, på same måten styrer den kjenslene våre. Nokre gonger er vi i flyt, medan andre gonger kjenner vi på emosjonelt ubehag.

Desse dagane rundt denne sterke fullmånen er det ei fin tid for å trekke seg inn og kjenne etter korleis du har det. Kva slags reaksjonar har du på andre og kva projiserar dei på deg ? Om du kjenner deg irritert på andre, så kjenn etter kva det treff i deg. Kanskje sender du ut sterke kjensler som projiserar andre. Trekk deg gjerne tilbake i meditasjon, i naturen eller berre ver i deg sjølv. Det kan gje deg stor læring om deg sjølv desse dagane.

Det heites for at Buddha vart opplyst på denne fullmånen. Mange plassar i verda vert denne dagen feira med Wesak festival. Det er sterke energiar som kan gje deg visdom og lyse opp din bevissthet om du tek deg tid til å vera til stades i deg sjølv. Du kan gro deg sterkare med å gje slepp på gamal emosjonell baggasje. Med å stå sterkt i deg sjølv og vera trygg på det som er bra for deg.

Fullmånen har sin kraft ca 2 dagar før og ca 2 dagar etter den er på sitt største. Væren sin fullmåne, som var i påska, Tyren sin fullmåne som er i dag, samt Tvillingen sin fullmåne som er om ein månad, er viktige,  og det seies at dei vil påverke resten av året.

God fullmåne ! Kanskje får du ein skikkeleg Aha oppleving og ser ting rundt deg sjølv i eit anna lys !