FULLMÅNE 12.JANUAR 

12.01.2017

Steinbukken sin fullmåne kl 12.33 

I dag har vi 2017 sin aller fyrste fullmåne. Det er Steinbukken sin fullmåne på 22 grader. Kanskje har du allereie merka det på søvn, på at tankar og kjensler dukkar opp, eller på at du er ekstra kreativ. 


Sola står i Steinbukken som handlar om å ta ansvar for å koma seg opp og vidare i livet. Som gjerne vil få til ting og som veit at skal ein lukkast så er det hardt arbeid som gjeld. Rett før vi sa farvel til det gamle året, hadde vi Nymåne i Steinbukken. Då sette du deg kanskje ned og filosoferte over året som snart var omme. Tok eit reknskap for kva som hadde skjedd i 2016 og kva du ynskte ta med deg vidare, og kanskje sette du deg nye mål for året 2017. Desse to vekene sidan Nymånen har du kanskje jobba med dine målsettingar for at dei no kan bekreftas og fullbyrdas under fullmånen.

Om du står på toppen av eit fjell i dag som Steinbukken og ser rett framfor deg på andre sida av dalen, så ser du den store, runde, gule Månen i det motsette teiknet Krepsen. Sola, eller du, lyser opp Månen som står heime i sitt eige teikn og trivast der. Krepsen handlar om kjenslene dine, dine barn, ditt indre barn, hus og heim. Det handlar om kroppen din, Sjelen sin bustad. Steinbukken er god til å ta ansvar og ordne opp, men hugs å kjenn i magen din kva som følast rett for deg. La Krepsen lære deg om kjenslene dine. Kor mykje tid vil du bruke på arbeid og kor mykje tid skal du legge ned i hus og heim og hjå familie, få ein god balanse. Steinbukken er god til å skape tryggleik for alle.

På venstre sida di har du i dag Pluto som minnar deg på at vegen opp fjellet ikkje alltid er lett. Det handlar om nokre pausar og omvegar. Om å rykke tilbake til start, for så å gå vegen oppover att.

I 90 graders vinkel på din venstre side står Jupiter i Vekten sitt teikn, på 22 grader, akkurat som Sola og Månen. Jupiter minnar deg på din partner og alle andre som finst der ute. Jupiter i Vekt vil at vi skal ta vare på kvarandre. På høgre sida i 90 graders vinkel har du Uranus i Væren som vil at du skal halde deg opplyst. Våge vera den individualisten du har kome for å vera. Kanskje får du eit glimt av innsikt i ditt liv og kva du vil. Kvar vegen din går framover.

Storkors i kardinale teikn på fullmånen

Planetane i dag dannar eit Storkors akkurat på fullmånen, der alle teikna er kardinale teikn. Kardinale teikn handlar om å ta initiativ og setja i gang. Det er handlekraft i dette Storkorset. I esoterisk astrologi handlar det om det Kardinale korset. Når det fysiske og verdslege ikkje tenar deg lengre, så har du ein Sjel inni deg som vil ha merksemd. Det handlar om å forstå kva din Sjel ynskjer og få til ein balanse mellom det feminine og maskuline i deg, eit bryllup mellom det Personlege og Sjelen.

Langt borte på nattehimmelen på din høgre side kan du skimte Venus og Neptun som står saman i Fisken sitt teikn og minnar deg på det åndelege og guddommelege. At du skal elske alt og alle og at du skal leve draumane dine At vi ikkje kan ha kontroll på alt, men at vi må tillate oss og flyte med i det som skjer.

Gå vegen din !

 Saturn som herskar i Steinbukken står og på 22 grader, i Skytten. Så fortset  gå vegen din, steg for steg ! Lev ditt liv og finn din sanning ! Om du er på feil veg så kan du snu og ta ein annan veg opp ! Opp til toppen der du har Sola og kan nyte utsikten !

God Fullmåne !