Fullmåne 14.juni - Om å leve innanfrå og ut

13.06.2022

Gjer du nok kjærlighet til deg sjølv kjære du, slik at du kan utstråle kjærlighet i omgang med andre. Kunsten er å leve innanfrå og ut, og ikkje verta så påverka av andre at du lever utanfrå og inn . Livet er her og no, i møte med alt rundt deg. 

Fullmåne 14.juni

Sola står i Tvillingen sitt teikn og lyser opp Månen i det motsette teiknet, Skytten. Tvillingen er eit sosial tegn som er oppteke av kommunikasjon på alle plan. Den har ofte mange jern i ilden og kan vera litt over alt. Skytten er meir målrette og går for sin sak, men skal lære av Tvillingen at det er mange sanningar som fører fram. Det er kommunisering, reflektering og sortering.

Sol og Måne står i kvadrat til planeten Neptun, vår kjærlighetsplanet på eit høgare nivå


Om  å omgje seg med kjærlighet

Nokre gonger kjennes det som livet stoppar litt opp. Som universet har noko å fortelja deg. Mange gonger kan det vera på den meir slitsame måten, der den eine motstanden etter den andre treff deg. Men ein kan og møte det på ein meir positiv måte. Den eine hendinga etter den andre er veldig hyggeleg og styrkande. Har du kjent på det ?

Det er så lett å reflektere over all motstanden ein kan møte, men ofte legg vi ikkje merke til alt det gode som kjem oss i møte. Utstrålar du kjærlighet, så møter du det der ute. Vil du krige, så møter du det. 

Mange av oss har levd opp i snill pike syndromet og tenker at vi må gje for å få kjærlighet. Det er det vi har vorte fortalt, slik at det sit spikra i ryggmargen. Alle andre før deg sjølv. Men om du klarar å snu, tenke at kjærlighet til deg sjølv er viktigast før du gjer til andre. Kanskje veit du ikkje korleis du gjer det og treng mange år på å finne den nøkkelen. Kanskje er det vanskeleg å finne kva som verkeleg har verdi for deg, kva som styrker deg og kva som gjer deg glad . Og kjem det frå ditt indre desse verdiane dine, eller er det andre som har fortalt deg kva du skal tru på og meine og kjempe for. Når kjenner du på styrke og indre ro, og kven gjer deg den ekte kjensla av at du kan få vera deg utan å måtte prestere ?

Nettet florerar av sterke meiningar og mange kurs no i sjølvutvikling. Kjenn etter kva du treng, kva som kjennes rett ut for deg. Du har alle svara i deg og du treng ikkje henge deg på bølga der ute. Livet foregår rundt deg, kvar dag, i møte mellom menneske. I det daglege livet og miljøet . Ver nysgjerrig, spør, reflekter, sorter. Kva vil du gje næring til ? Kva støttar ditt indre syn ? Kjenner du på motstand så er det mest sannsynleg ikkje rett for deg. Du treng ikkje delta i diskusjonar eller meiningsutvekslingar som kjennes feil ut for deg. Det kan berre vera ekstremt tappande.

Eg trur at vi alle er her på jorda for å spre kjærlighet. Du treng det, naboen treng det, verda treng det ! Vi treng skape tillit og håp, ikkje dømming og sortering. Vi treng vera der for kvarandre, om det berre er med eit smil eller eit hei.

Med denne fullmånen i morgon 14.juni så kan du lyfte deg sjølv til eit større nivå i kva du kjenner er rett, kva du kjenner er kjærlighet. Kva du ynskjer tru på og kjempe for. Som ein hellig kriger i kjærligheten sitt navn. Men hugs, gje kjærlighet til deg sjølv fyrst, slik at du kan jobbe innanfrå og ut !

God fullmåne, kjære deg ! Og ta vare på kvardagen. Livet er her og no.