FULLMÅNE 2.JANUAR 2018

01.01.2018

Superfullmåne klokka 3:24 i natt

 Bilde under er frå supermånen i desember utanfor mitt soveromsglas. Litt magi.


Vi har akkurat kome oss inn i året 2018 og kan ynskje oss at det vert eit fint år på alle måtar.

Sjølv trur eg at det vert eit bra år. Vakna i dag med smil om munnen og tenkte at dette vert eit godt år. Håpar du har det på same måte. Sjølvsagt vil vi møte våre utfordringar, men det er ein del av sjølve livet. Vi treng utfordringar for å setja pris på godene, det er på den måten vi kan vekse. For å kjenne på styrken treng vi motstand. Vi er alle feilvarer, men det er godt nok !

Natt til 2.januar startar det med ein supermåne. Sola står i Steinbukken sitt teikn og lyser opp fullmånen i Krepsen. Så har du kjent deg sårbar siste dagane, kan det vera at du har kjent på at det bygger seg opp til fullmåne. Krepsen sitt teikn handlar om mor-barn, vårt indre barn og korleis vi kjenslemessig tek det. 

Vi har Sola og mange andre planetar i Steinbukken,som er den vaksne som lærer oss meistre livet. Steinbukken hjelper oss å manifestere draumane våre og syner oss at hardt arbeid alltid gjer lønn for strevet.  Steinbukken ber oss ta ansvar for oss sjølve, vera den vaksne som tek ansvar for eige liv, slik at vi kan få eit godt fungerande familieliv. 


Ynskjer alle eit fredfult og godt år. Om du slit med helsa håpar eg du finn styrke til å meistre det.  Ellers er mitt ynskje at vi kan syne litt meir kjærleik til kvarandre og sjå kvarandre for den vi er, den vi eigentleg er. Du er god nok !