Juno - gudinna for ekteskapet

10.11.2018

Juno handlar om å vera i forhold, men og din indre dronning

Er du ein sterk Juno arketype er forhold viktig for deg. Juno handlar og om å ha sjølvrespekt.

Juno vil gjerne vera i parforhold og ha nokon å dele livet med, men då på ein likeverdig måte.  Ceres er fornøgd med å ta vare på sine barn og gje omsorg, medan Juno verdset ein god partner og å vera i eit parforhold.  Før i tida gav kvinnene krafta til mannen med å vera fru dr Sørensen, eller fru advokat Hansen. Dei stilte seg bak mannen i forholdet og var fornøgd med det. Ofte kunne fasada vera viktigare enn å leve ut sitt indre. I dag er det ikkje slik , vi vil at det skal vera ein balanse. Juno som er gudinna for ekteskapet syner korleis du best gjer respekt for deg sjølv.

Juno handlar om din indre dronning. Ho ynskjer at du behandlar deg sjølv med sjølvrespekt og ikkje undervurderar deg sjølv.  Ein sterk Juno kan vera glad i å pynte seg, gå i kjole og kan vera oppteke av farger og kvalitet. Det er viktig å kjenne etter kva som gjer deg godt når det kjem til verdiar. Om du ustrålar at du tek vare på deg sjølv og står for dine valg, vil og andre møte deg med den respekten.

I tillegg vil Juno gjerne ha innflytelse i livet og kan vera ein god feminin leder, fordi Juno tek det sensitive og sårbare med inn. Om din Juno samarbeidar med din Pallas Athene, som har vilje og handlekraft, får du ei god balanse i rolla i yrkeslivet. Kanskje kan du våge gå ut som terapeut eller med ditt kreative talent. Samtundes som Juno vil setja jobb og parforholdet side om side, og ikkje gje all krafta si til det eine eller andre delen. 

Står du sterkt i deg sjølv og syner verda kven du er og kva du vil gjera ? Kvar har du din Juno i horoskopet ?  Kva slags parforhold føler du at du høyrer mest heime i ? Ynskjer du at det skal vera to sjølvstendig individ, ynskjer du plass til å bygge opp noko som er ditt eige , ynskjer du vekke opp meir av din skaparkraft, ynskjer du frihet eller ynskjer du jobbe i lag med din partner ?

Ta kontakt om du vil sjå på din Juno !