JUPITER I SKORPIONEN

04.01.2018


Jupiter, som er den største planeten vi har, gjekk inn i Skorpionen sitt teikn 11.okt 2017. Der skal han vera i ca eitt år. Jupiter brukar 12 år på ein runde og er dermed ca eitt år i kvart teikn. 

Jupiter vert for mange sett på som ein lykkeplanet, men treng ikkje vera det. Den gjer vekst til alt den rører ved og det er ikkje alltid vi ynskjer det, for det gjer vekst av gode ting og mindre gode ting. Om du er veldig glad i mat og Jupiter rører ved ein av dine personlege planetar, så er det ikkje alltid kjekt at ein får vekst, som eit eksempel. :) Men uansett er Jupiter ein planet som er lettare å jobbe med enn mange av dei andre ytre planetane, som Saturn og Pluto. 

Jupiter i Skorpionen

Jupiter handlar om vekst, om optimisme, om håp og tru. Den gjer vekst til alt den kjem i kontakt med. Den herskar i Skytten sitt teikn som er teiknet for filosofi og religion, for lange reiser og høgare studier. Den representerar og  større mental bevissthet. Skytten er eit ildteikn som går til handling, som "set fyr på ting".  

Skorpionen sitt teikn handlar om transformasjon, om liv og død, om felles økonomi . Det er ikkje fysisk død, men endring og vekst i din bevissthet, dine kjensler og det fysiske. Det er larven som går gjennom sin prosess for å verta ein flott sommarfugl. Skorpionen handlar om sex, makt og maktmisbruk. Men det handlar og om å kunne knytte seg til andre, binde seg til noko. 

Sanninga fram - Metoo

Når Jupiter er i Skorpionen sitt teikn vil det som ligg i det skjulte, i mørket, i det underbevisste, presse seg på. Sanning rundt makt og maktmisbruk, om trakassering og seksuelt misbruk. Akkurat når Jupiter gjekk inn i Skorpionen sitt teikn i oktober starta Metoo aksjonen i USA. Jupiter går gjennom Skorpionen kvart 12 år som før skrivi, så kva som pressar seg på veit ein aldri, men det kan no virke som det er kvinnene som tek tak i misbruk. Vi vil nok få sjå meir av dette fram til november 2018. Jupiter i Skorpionen vil ha sanninga fram på bordet. Med lys og lykter vert det fokus på det mørke, det skjulte, som alltid kanskje har vore der, men som no er klart for å koma fram i lyset. Det handlar om oppførsel som ikkje vert godteke lengre. Både Pluto og Saturn står no i Steinbukken, som er teiknet for det offentlege, for dei ansvarlege, for styresmakter. Ting vert offentleggjort og kjem fram i lyset, slik at vi kan koma til ein større vekst, meir ærlegheit og større bevissthet rundt ting. Det kan og vera at det kjem fram ting rundt vår felles økonomi som skatt og inntekter.

Personleg påverknad

Korleis det verkar på deg personleg er ikkje så lett og si. Det kjem an på kor du har Jupiter i ditt fødselshoroskop, både teikn og hus, men og korleis Jupiter står i aspekt til dine andre planetar i horoskopet. Kvar du har fått vekst ser ein mest når året er omme, men det er heilt klart at det kan vera ting i ditt underbevisste som pressar seg på dette året. Ting du ikkje vil finne deg i lengre, eller som du treng bearbeide for å setja deg nye mål. No kjem det sjølvsagt og an på kor du er i forhold til din bevissthet, kor mykje du har lært før eller våga ta fram. Både Skytten og Skorpionen handlar om korleis vi forheld oss til andre.

9.november 2018 går Jupiter inn i Skytten sitt teikn, då er han heime hjå seg sjølv og der trivst han godt. Transformasjon du går gjennom no i Skorpionen kan du ta med deg mot nye mål og ny vekst i Skytten.

God indre reise !