Jupiter i Skytten

05.11.2018

Jupiter går inn i Skytten 9.11 

Jupiter kjem heim til seg sjølv, sitt eige teikn der han herskar, og der skal han vera eitt år.

Jupiter går inn i Skytten 9.11 . Jupiter kjem heim til seg sjølv og der trivast han. Der skal han virke eitt heilt år. Alle teikn har ein planet som herskar over seg, og i Skytten er det Jupiter som rår. Når planeten står i sitt eige teikn seier vi han er heime, og då vert han ekstra sterk. Vi vil i eitt år framover no ha tre ytre planetar som står heime i sine teikn. Neptun i Fisken, Saturn i Steinbukken og Jupiter i Skytten.

Jupiter er planeten for vekst og optimisme og for å setja seg mål i livet. Skytten er knytt til reising, religion og filosofi. Jupiter vil at du skal tru på noko, tru på at du får det til. Det handlar om å setja deg mål og gå for det. Livet må ha ei meining ellers vert det tungt. Skytten er eit ildteikn så det er viktig at flamma får brenne og at du held den levande. Kjemp for det du trur på, det du brenn for.

Jupiter har eitt år no vore i Skorpionen og har hatt behov for å grava i det usagte, det skjulte, det som ikkje tenar deg lengre på vegen. Kanskje har du fått tak på nokre kjensler, noko skjult i deg, som du kan gje slepp på no fordi du forstår det på ein annan måte, eller at det leiar deg på ein annan veg som er meir rett for deg. Kanskje har du ei kjensle av at fleire brikker i ditt indre er på plass.

Stort kollektivt energiskifte

Eg vil tru at mange kjenner på eit kollektivt energiskifte no . Det er slitsomt og jobbe i det underbevisste og heile tida kjenne på at det er noko meir der som du må ha tak i før du kan koma vidare. Kanskje har du kjent på frykt, frykt for å stå fram med ditt, eller frykt for å gå din egen veg. No med Jupiter i Skytten som er eit ildteikn, skal du handle på det du trur på. Symbolet for Skytten er ei pil, så skyt pila di framover no, stol på at du har nok styrke og vilje til å gå din veg. Lytt til det som er sant for deg. Faren kan vera at du skyt pila for langt og har overmot, så prøv å reguler deg litt til det som er oppnåeleg for deg, på kort og på lang sikt. Pluto har vore i Steinbukken i mange år og rydda i det mentale ,medan Saturn no kjem etter og hjelper deg og bygge opp steg for steg og hjelper deg med å manifestere draumane dine. Så no kan du ta det ut i handling og ha tru på at du har gjort nok forarbeide. Skytten er klok og målretta og har ein stor intuisjon. Lytt til intuisjonen din ! Det er beskjedar som vert sendt deg om du tek deg tid til å lytte. Uranus går attende til Væren og er retrograd der framover. Kanskje får du litt meir innsikt i om kven du er om du individualiserar, slik at du kan våge stå aleine i din handlingar, eller handle ut frå dine meiningar saman med andre som trur på det same.

Skytten handlar om reising, ikkje berre i det ytre, men og i ditt indre. Det handlar om å kjenne deg sjølv godt og kva som er sant for deg. Om Skytten vender seg mot sitt indre og sin sjel er stikkordet:

Eg ser målet og eg når dette målet. Deretter ser eg eit anna.

Den dagen Jupiter gjekk inn i Skorpionen kom Metoo aksjonen. Sanning rundt det seksuelle, rundt misbruk og maktbruk. Kva som skjer kollektivt når Jupiter no går inn i Skytten på fredag 9.11 vert spennande og sjå. Det kan vera tema rundt religion, trussystem, rettssystemet, flyktningar som kryssar landegrenser, reiseaktivitet, eller utdanningssystemet. Skytten er og knytt til naturen. Det som er heilt sikkert er at Skytten vil ha sanning og Skytten har evne til å finne meining i livet. Kanskje er det mindre behov for alt det materielle og meir søking av visdom og fridom, og ein lengsel etter meir å fylgje sjelen. Følg med !