Kva eg ynskjer formidle

12.09.2021


Det har vore lite skriving på bloggen min dei siste to åra. Det er ulike grunnar til det, men eg har trengt å reflektere over kva eg ynskjer å formidle ! Finne det som ligg meg nærast og som gjer meg energi.


Eg føler at eg har hatt ein fot i to ulike leirar dei siste åra, som ikkje alltid har vore like lett og forene. For meg har det alternative miljøet vore viktig ein del år, men eg har og ein fot i helsevesenet og har stor tiltru til dei. No burde dette kunne forenast tenker du, og det hadde vore veldig fint, men eg er redd det no heller splittar seg meir og meir. Dette skal ikkje vera ein diskusjon rundt det store tema, men meir kvar eg høyrer heime.

Astrolog - Terapeut 

Eg er utdanna astrolog og har stor tru på det. Det gjev meg glede og energi og setja meg ned med det. Det gjer meg òg stor glede og kunne tolke ditt horoskop, om du er interessert i det. Men det gjer meg ikkje energi og skrive om nymåne og fullmåne osb her på nettsida, for det er ikkje nok «tyngde» for meg, spesielt etter alle mine erfaringar med helsa. Men eg treng heller ikkje skrive om det, fordi det er det så mange andre dyktige som gjer!!

Det som gjer meg mest er å prate med deg som treng setja lys på ting, som er open for at kroppen er ein heilheit og at det er mange ting som spelar inn i livet vårt. Som ikkje er for eller mot det eine eller andre, men som ser at vi treng ulike sider til ulik tid. For oss som er, eller har vore alvorleg sjuke, så veit vi at kunnskapen til folk og evne til å setja seg inn i ein person er viktigast. Empatien og kjensle av berøring i det indre. Det er støtte vi treng når livet er vanskeleg, nokon som lyttar og forstår og som ikkje predikerar. Som ikkje dømmer, som ikkje puttar deg i bås, som ikkje fortel kva du må, eller kva du ikkje må. Det er nok terapeutdelen i meg som er størst, den som ynskjer grave litt ned i djubda, som ynskjer vera der for deg når du treng det !

Så for deg som ynskjer den meir daglege astrologien, men som òg er spennande, for all del, så finn du mange dyktige her inne. Men for deg som treng gå litt i djubda, som føler du stangar, som er eller har vore sjuk, som treng litt djubde i samtala, som ynskjer nokon med stor kjennskap til at livet ikkje er for pingler, så hjelper eg deg gjerne. 30 år med kreft har sett sine spor i meg.  Vil du eg skal bruke horoskopet med i samtala, som eg syns er kjempespennande, sjå kva som støttar deg, så gjer eg gjerne det. Om du syns at det er vanskeleg å begripe, så kan vi bruke andre hjelpemiddel.

Om eg kan gje deg nokre råd med på vegen slik at du ikkje kjenner deg aleine med alle tankane, så blir eg glad. Denne lengselen vi alle har etter å verta forstått er slitsam.  (meir om det i neste skriv) Og sjølvsagt, rein tolking av horoskopet er òg fint, slik at du har eit verktøy du kan bruke rundt din vekst og din bevissthet rundt deg sjølv. Nokre av oss treng aleinetid, nokre ladar best med å vera sosial, medan nokre av oss er høgsensitive og slit med alle andre sine energiar i desse medietider.

Du veit sjølv om du kan bruke meg til noko. Vi treng ikkje gå vegen aleine heile tida !

God sundag !