Kvardagen melder seg

22.08.2019

Sola går inn i Jomfruen sitt teikn 23.august

Det er tid for å koma inn i kvardagen att og ta tak i det vi har forsømt i sommar. Få litt meir rutine att.

23.august går Sola inn i Jomfruen sitt teikn og vil vera der ein månad.

Sjølv om du ikkje er fødd i Jomfruen sitt teikn, så vil vi alle verta prega av Jomfruen sitt tema denne månaden. Kvar har du Jomfruen i ditt horoskop ? Har du mange planetar i Jomfruen ?

Vi bevegar oss frå ildteiknet Løva til det bevegelege jordteiknet Jomfruen. Mange av oss syns det no kan vera godt å koma inn i kvardagen att etter ein fin sommar. Få rutine i kvardagen og orden i saker og ting. Kanskje er det eit hus eller ein hage som er forsømt i ferien, eller ein kropp som treng få litt meir merksemd. Det er fint med late dagar og mykje kos, men etter kvart er det fint å få litt meir struktur på ting. Koma i seng om kvelden og vera meir bevisst kva ein puttar i seg. Jomfruen er bevisst dette og ser detaljane som treng koma på plass.

No når hausten er her bugnar naturen av markens grøde. Det er tid for innhausting av det vi har sådd. Kanskje ynskjer du rydde i hus og heim og hage, men kanskje ynskjer du rydde i ditt indre og ? Kva vil du ta med deg vidare inn i hausten? Det kan vera dårlege vanar som ikkje tenar deg eller andre ting du har lyst til å rydde opp i. Jomfruen hjelper deg med og sortere og skjelne. Det motsette kan vera at du er for prega av Jomfruen og er for kritisk til deg sjølv og andre, og ikkje slappar av. Då bør du kanskje sleppe litt opp på det og tillate deg meir i kvardagen. Heve blikket litt og ha tillit til at ting ordnar seg .

Eg syns sjølv det er fint å koma i gang att og krype litt meir inn. Lytte til kva ein treng på alle plan.  No er det slutt på is og sjokolade for ei stund  :-) No er det over på ferske gulrøtter og norsk frukt .

Om du ynskjer horoskop eller ei samtale rundt tema, så er eg i gang att og hjelper deg gjerne. 

Velkomen skal du vera !