Mars og Venus, samarbeid eller distanse ?

24.02.2022

Mars og Venus går hand i hand gjennom februar og halve mars i Steinbukken sitt teikn.  Det er ei fin tid for å meditere på din ibuande Mars og Venus. Korleis jobbar desse saman i deg ? Korleis kommuniserar dei ? Dess bedre dei fungerar i deg, dess bedre fungerar dei i eit forhold.

I heile februar og til ca midt i mars slår planeten Mars og Venus fylgje med kvarandre. Dei møtes i mange konjunksjonar i denne perioden, i Steinbukken sitt teikn.

Mars er ein maskulin og utgåande energi. Det er lidenskap og handling. Venus er den feminine sida, korleis du ser ut, kva du likar og kva verdiar du har. Det er kjærlighetsplaneten. Det mottakande prinsipp.

Mars og Venus er viktige i forhold, men vi har alle maskuline og feminine energiar i oss, uansett kjønn. Mars er den høgre sida i deg, medan Venus er venstre sida. Korleis jobbar desse saman i deg ? Korleis kommuniserar dei ? Dess bedre dei fungerar i deg, dess bedre fungerar dei i eit forhold. Din Mars og Venus vil møte partner sin Mars og Venus, og skal lære samarbeide eller forstå kvarandre.

Mediter på din indre Mars og Venus

No når desse møtes på himmelen kan det vera ei fin tid for å meditere på din Mars og din Venus. Sjå for deg Mars på din høgre side og Venus på din feminine side. Sjå korleis dei pratar saman. Om du veit kva tegn dei står i, så tek du det inn. Samarbeidar dei ? Pratar dei saman ? Kva må du balansere ut med ?

Har du for sterk Mars er du aktiv og full av handlekraft heile tida. Kan vera at du likar diskutere og argumentere, og at temperamentet er høgt. Kanskje føler du at du må vera på heile tida. Egoet kan vera stort og du kan kjøre solo løp. Då treng du balansere ut med det mottakande prinsipp. Lytte til din Venus, ta imot hjelp, lytte til andre og lære samarbeide. Vite når du skal handle og når du skal lene deg tilbake.

Har du for sterk Venus i deg, møter du gjerne sterke Mars energiar via andre som prøver få fram ilden i deg. Du kan vera for snill, berre ville ta imot og ikkje ville ta valg sjølv, og let andre råde over deg. Heilt til du finn din eigen kraft og vågar stå i den som ein sjølvstendig person. Då er du sikker i din sak og veit kva du likar og kva verdiar du har.

Det er ei fin tid for å meditere på dette no . Kjenn etter kva som gjer deg heil og kva du treng. Dei fleste av oss har ei side som er sterkare enn den andre, og nettopp via meditasjon kan du få tak i kvar du står. Sjå kva du treng og kva evt forholdet ditt treng. Finn balansen mellom det maskuline og feminine i deg.

Lykke til med meditasjon !

Kvar har du din Mars og din Venus ? Kva element ? del gjerne. Eller ta kontakt om du ikkje veit.