Vi går gjennom nye portalar 21.12

19.12.2020

Møte mellom Jupiter og Saturn i Vannmann på Vintersolverv

Set deg ein visjon kva du ynskjer få til i framtida. Rik av erfaring kan du legge attende det du ikkje ynskjer ta med deg inn i år 2021


21.12 har vi det store møte på himmelen som lenge er skrivi om. Planetane Saturn og Jupiter møtes på 0 grader Vannmann. Dette kan sjåast på himmelen på ettermiddagen måndag. Dei vil sjå ut som ei sterk lysande stjerne. Historien fortel oss at desse møttes når Jesus vart fødd og fekk navnet Betlehemsstjerna. Den lyste sterkt på stjernehimmelen for at dei tre vise menn skulle finne fram.

Vannmannen er teiknet for fridom, for grupper og nytenking. Vannmannen vil framover og er ikkje fornøgd med stillstand. Det er rebellen som ikkje ynskjer eit tradisjonelt A4 liv. Vi må tenke nytt, sjå nye moglegheitar. Internett, PC, og alt som går via nettet er vannmannen sin ide. Vannmannen er individualisten, men oppteke av gruppa si. Vannmannen er julenissen som kjem med gaver !

Fellesskap, likeverd, kunnskap og fridom

Saturn i Vannmann har eg skrivi om i tidlegare innlegg.( Klikk her :Stort skifte i energi .) Det er ansvar for gruppa, jobbe saman mot felles nye mål. Det er som om vi skal dele av den kunnskapen vi bær på og skape noko nytt saman. Vannmannen er raus og ser på alle folk som likeverdig, uansett kva land du kjem frå eller om du er rik eller fattig. Fellesskapet er viktig. Saturn vert ikkje så oppteke av det materielle i Vannmann, men meir av kunnskap og ny lærdom, og at vi må stå saman for at vi skal koma oss vidare.

Jupiter i Vannmann er kunnskap og frihet. Medan Saturn er planeten for begrensning som seier vi må ta steg for steg og trygge oss, er Jupiter optimisme og vekst. Jupiter vil berre satse og koma seg vidare. Jupiter spring opp fjellsida for han vil nå toppen, medan Saturn vil passe på og organisere slik at alle kjem opp. Når desse to møtas no vil det legge ein vidareføring for korleis året 2021 vert.

Jupiter er vekst og optimisme, Saturn ber deg lytte til erfaringane du har

Desse to planetane møtas kvart 20 år. Om du er fødd rundt 1960/61, 1980 talet og rundt 2000 så har du desse i konjunksjon. Sjølv er eg fødd i 1961 og har desse i konjunksjon. Saturn heilt i slutten av Steinbukken og Jupiter på 0 grader Vannmann. Eg får dermed dette store møtet mellom dei no i transitt på min Jupiter. Eg er spent på kva det fører til, men eg har ei god kjensle. Trur dette vert bra. Dette skifte av energi trur eg vil kjenne lettare enn det vi hadde i 2020. Kanskje kjenner du på eitt skifte i deg alt.

Når desse to møtas kan ein ha optimismen til Jupiter som ynskjer drøyme og sjå framover, sjå positivt på framtida. Jupiter vil på eit plan ikkje gje opp, men skaffe seg kunnskapen ein treng for å nå sine mål. Setja seg mål og våge ha trua . Medan Saturn hjelper ein og skaffe seg erfaring ein treng for å klare lykkas, som seier ein må tenke økonomi og at det er hardt arbeid for å lykkas. Saturn bremsar deg og spør om du er klar for å springe vidare. Har du med deg det du treng i sekken ?

Balanse mellom å ta ansvar og kjenne seg fri

Er du fødd med denne konjunksjonen kan du kanskje kjenne på at du i perioder tenker du må lære meir, må jobbe hardare, vera meir effektiv, at du ikkje kan nok. Du kjenner på ein brems. Men så tippar du over i Jupiter og tenker dette skal eg klare, eg kan nok, eg må berre formidle og ha trua. Det kan vera ein dragning mellom å jobbe og mellom og ville ha fri, for å vera ute og nyte naturen. Det er å finne denne balansen i deg, mellom å ta ansvar og kjenne deg fri, mellom å setja grenser slik at du ikkje tek heilt av, og mellom ha trua og ha mål. I vannmannen handlar det om å jobbe for fellesskapet, om å finne sin plass i gruppa. Om å koma seg vidare og vera ein individualist med mål og meining.

Vintersolkverv 21.12. Sola går inn i Steinbukken

Dette møte kjem på Vintersolverv som er eit skifte i seg sjølv. 21.12 snur sola og lyset skal vinne over mørket att. Vi går mot lysare tider, på alle måtar får vi tru. Sola går inn i Steinbukken og skal vera der ein månad. Steinbukken er jul og tradisjonar, men kanskje det ikkje vert heilt tradisjon på alt i år for alle. Store familieselskap vert avlyst og alle kan ikkje reise eller delta. Nokre vel å vera aleine. 

Men Vannmannen er julenissen som kjem med gaver og nye beskjedar. Vannmannen er astrologi og alt som rører seg på stjernehimmelen. Våge tenke anerleis og skape rom for deg sjølv og andre. Rettferd og likeverd.

Tenn lys og set deg ein visjon for det nye året. Kva du ynskjer få til og kva du ynskjer skal ligge att i 2020 ! Vi treng ikkje ta med alt over. Vi har skapt oss ein stor erfaring, no kan vi stake ut ein ny kurs bygd på denne erfaringa ! Kanskje finn du din sjelegruppe no, gruppa som tenkjer som deg sjølv. Likesinna finn saman mynta på indre verdiar, like mykje som ytre verdiar.


Tenn eitt lys og set deg ein visjon for framtida !  Korte mål og langsiktige mål, det du ynskjer skape til felles beste !