NYMÅNE I KREPSEN

24.06.2017

Nymåne 24.juni - Månen og Sola i konjunksjon



Krepsen handlar om korleis du best kan gje deg sjølv næring. Korleis kan du best styrke den emosjonelle kroppen ? 

Nymånen handlar om ein ny start i månesyklusen, så set deg ein intensjon om kva som er godt for deg dei neste to vekene fram til fullmåne. 


Kva nærar deg ?

Kva gjer deg næring ? Då tenker eg ikkje berre på mat, men kva gjer godt for deg ? Kva nærar heile deg ? Krepsen handlar om kjenslene våre, det indre barn, sensitivitet og å vera lojal til seg sjølv. Krepsen er den store moderen, men det er viktig å nære seg sjølv fyrst for at ein skal kunne ha noko å gje til andre. Ellers går ein tom og ein kryp inn i krepseskalet.

Nymånen no er starten på sommaren. Kjenn etter i magen din kva som gjer DEG godt.

Lytt til kroppen din og stell godt med deg sjølv !

Nyt sommardagane. Det har du fortent !