Nymåne i Steinbukken 13.januar

13.01.2021

Så frø for framtida !

Alle kunnskapen du ber på, som har forma deg - ta med deg all den erfaringa inn i den nye tida. Inn i framtida.    Om du vil ! 


Når det er nymåne møtas Måne og Sol, denne gongen står dei saman i Steinbukken sitt teikn.

Steinbukken er fortid, tradisjonar, forfedre, det er historie og grensesetting. Det er hardt arbeid.  Det er den vaksne som tek ansvar for seg og sitt. Steinbukken er eit kardinalt jordteikn.

Skap din nye veg ut frå all erfaring 

Månen er den feminine sida av deg, medan Sola er det maskuline. Saturn som herskar over Steinbukken har gått vidare over i Vannmannen sitt teikn. Teiknet for nyskaping, for grupper, for nye tankemåtar og for det meir utradisjonelle.

Det er som om det regnskapet vi tek ved årets slutt når vi skapar nyttårsforsetter, bør vera no ved denne nymånen. Det er som det er fyrst no vi er klar for å sjå kva som skal vera att i det gamle året, slik at vi kan bevege oss inn i framtida og ei ny tid. Nymånen handlar om å så frø, om å skape seg ein visjon fram til fullmånen. Kjenn etter om det er noko du har lyst til at skal spire i deg.

Pluto, transformasjonsplaneten, blandar seg inn i denne nymånen, så det er ein kraftig nymåne. Pluto er makt, maktdemonstrasjonar, det er psykologi og det underbevisste, det er liv og død. Det er fuglen Fønix. 

 Om du vil, om du ynskjer skape deg ein ny veg no, ta med deg alt du har lært og erfart som er nyttig for deg ,og våg gå mot den nye tida. Du har vilje og styrke til det no, men hugs og ta med deg alle erfaringane, på godt og vondt.  Alt som har forma deg. Ingenting er forgjeves ! Så dine frø no,  skap dine visjonar for framtida ! Mykje er i endring i samfunnet og du kan vera med på å skape det. I kjærlighet og ærlighet, til deg sjølv og andre.       

  Om du vil !