NYMÅNE I VANNMANN 28.JANUAR

27.01.2017


Klokka 1.07  natt til 28.januar står Sol og Måne på same grad og vi har det vi kallar ein Nymåne. Det er inspirasjon, glød og ynskje om endring. Det handlar om ei oppgradering.

OPPGRADERING AV DET GAMLE

I natt er det Nymåne i Vannmann. Når det er Nymåne betyr det at Sol og Måne står på same grad, no på 8 grader Vannmann. Det er tid for å legge plan for den neste månaden. Med Nymånen sin energi vert vi ofte oppglødd og vi ynskjer starte på noko nytt. Bruk denne energien som kjem no med å setja deg nokre mål for framtida, noko du ynskjer få gjort. For Vannmannen ser framover og ynskjer oppgradering av det gamle. Som lyn frå klar himmel kan du få ein beskjed om ting, så ikkje forvent at det vert som planlagt framover.

VANNMANNEN

Vannmannen kan heve seg over alt og sjå ting i fugleperspektiv. Kva fungerar og kva fungerar ikkje, kva ynskjer du endre på. Vannmannen kan få deg ut av alle emosjonane dine og kroppen din for at du skal sjå kva du treng. Det er ein oppgradering av tankesettet ditt.

Vi har hatt ei lang tid med mange planetar i Fisken. Kanskje har du kjent på mange kjensler og kjent deg litt sliten i det siste. Det kan ha vore vanskeleg å ta tak i ting. Mars som er planeten for vår energi og handling har lenge stått i Fisken sitt teikn. Vi treng slike stunder der vi tek det med ro, vi kan ikkje vera der ute heile tida. 

MARS INN I VÆREN - MEIR AKTIVITET

No 28.januar går Mars inn i Væren sitt teikn der han høyrer heime. Då vert det meir fart på sakene. Det vert tid for handling og for å ta tak i nye idear. 

FORVENT DET UVENTA 

Med Nymånen og Sola no i Vannmann er det berre å forvente det uventa. Nymånen kan inspirere deg til å koma deg ut av dvalen din. Vannmannen ynskjer å vera seg sjølv og er lojal over for ein sak eller ein ide. Vannmannen ynskjer å kjenne seg fri. Kjenner du på at du har lyst på ein bytur (for oss som bur i innlandet), så reis. Vannmannen ynskjer stimulans frå byar iblant.

God kreativ Nymåne ! 

La deg inspirere ! Forvent det uventa ! Våg å endre kurs om du får ein ide om det !