OL- GULL - HYLLEST. 

20.02.2018

Om å vera sann mot seg sjølv !

Mot - Vilje- Tru - Forsaking - Indre styrke


Kva gjer det med oss når vi ser at folk klarar vinne medalje etter medalje ? Vi jublar og er fornøgd med vesle Norge som klarar så mykje. Eg må innrømme at eg står og hoppar og græt mine tårer i lag med dei. Vi er stolt over utøverane og over det vesle landet vårt som får til så mykje. Men kva ligg det i desse sjelene som pressar seg, kva ligg bak, har du tenkt over det ?

Om motivasjon og ha tru på seg sjølv

Det er mykje jobbing og slit, det er tusenvis av treningstimar som vi lett gløymer i all jubelrusen. Det er trening med lagkameratar, men det er og enormt mange einsame timar ute i naturen i all slags vær. Utøverane får sin belønning som er veldig fortent etter alt slitet, men dei har nok og hatt mange timar i kjellaren før dette. Mange har hatt mykje motgang, men dei har aldri gjett opp og reiser seg att. Dei finn fram til noko som motiverar dei til å gå vidare. Motivasjon er viktig.

For å kunne verta så god at dei tek medalje i OL så er det ikkje berre trening som skal til. Det er mot og ikkje minst ein enorm tru på seg sjølv. Tru på at det dei held på med er rett, at om dei fortsett så vil dei kanskje lukkast ein dag. Kanskje vil dei stå på pallen og ta mot hyllest, men ikkje alle gjer det. Mange legg ned mykje strev utan å koma så langt. 

Om forsaking og å ta rette val


Det handlar om forsaking. Det er mykje tid til trening, fokus på rett næring til ein kvar tid, stelle bra med kroppen. Det er ikkje ei sjokolade når dei har lyst på det. Dei må forsake mykje av det sosiale livet med familie og vener, kanskje vera vekk frå sine eigne små ungar. Som dei unge hopparane som aldri har vore saman med vener på nyttårsfeiring. Nokre forsakar jula heime for å bu i rett klima framfor store meisterskap. Det er ei enorm styrke i dei som gjer at det dei trur på kjennes rett, slik at dei er villig til å forsake ting dei gjerne skulle gjort. Det handlar om å ta val, ingen får med seg alt.

Nokre av dei har ikkje vore gode barnestjerner. Dei har ikkje fått hyllesten der som liten, men berre fortsett med sitt uansett. Noko inni dei fortel at det dei driv på med er rett.Det er ikkje slik at den vanlege mannen skal presse seg slik for det er ikkje bra i lengda, men det er nokre nøkkelord her som vi kan ta til oss.



Mot - Vilje - Indre styrke - Tru


Det er MOT. Ha mot til å kjempe for det du trur på. Ingen klarar vera på topp heile tida, vi kjenner alle på tvil nokre gonger.  Det handlar om mot til å gå i sitt indre for å kjenne etter om det er rett det ein held på med. Om det gjer deg glede det du held på med ,så er det rett for deg.

Det er ei stor VILJE her. Vilje til å stå på og ikkje gje opp. Korleis brukar du vilja di ? Brukar du den på det du kjenner er rett for deg. Utan ei sterk vilje får vi ikkje til noko. Det er du som skal bestemme over din viljeskraft , så ikkje la andre styre den for deg eller tråkke på den.

Det er stor INDRE STYRKE her. Det er ei sterk TRU. Ingen kan gjera alt, men alle kan kjempe for det ein har sterk tru på. Finn styrke i det som gjer deg glede, som gjer deg næring, slik at du kan blomstre i ditt liv. Finn du din indre styrke vil du skine og andre vil sjå det og gje deg støtte. Du kjem ikkje på pallen i OL, men du kjem på pallen i ditt eige liv. Du er sann mot deg sjølv !

Å ha kjærleik til noko i livet er viktig for å blomstre. Finn det du brenn for, om det er lite eller stort, berre det er noko som er viktig for deg og gjer deg ein indre glød. Hald liv i den flamma.

Venus i ditt horoskop fortel  kva du likar , kva du elskar å drive med , som gjer at du bygger sjølvtillit. Venus syner kva verdiar du verdset. Om du ikkje handlar ut frå dine verdiar syner du  deg sjølv ikkje nok sjølvrespekt. Det handlar om å vera sann mot seg sjølv. Om det buttar imot iblant, som det gjer for alle, så må ein prøve halde flamma levande. Nokre gonger er det berre ein glød kanskje, men blås liv i den att. Finn din indre styrke og ikkje gje opp !

La idrettsutøverane motivere deg no!