SKORPION TID

06.11.2017

Skorpion månaden er her - tid for djubde

Vi har Skorpion sitt teikn frå 23.oktober til 21.november

Sola har gått inn i Skorpion som er teiknet for mot og vilje. Mot og vilje til å endre på det som ikkje fungerar lengre. Til å gje slepp og gå vidare.

Om du har mykje Skorpion i deg, så har du eit intens blikk. Du kan vera god til å sjå korleis andre har det, men når det kjem til deg sjølv deler du ikkje frivillig. Men du vil ha djubde, vil finne svar, finne ut kvifor ting ikkje fungerar. Skorpion er flink til å analysere. Det er psykologen, healeren og terapeuten.

Skorpion sitt teikn har planeten Pluto som herskar. Pluto er planeten for transformasjon, for liv og for død. 

I Skorpionen sin månad har vi Halloween og vi har allehelgensundag. Allehelgensundag  er ein dag for å minnast dei døde. Det er alltid fyrste sundag i november. Det er ei tid for ettertanke og for gode minner, men og ein dag for å  reflektere over at liv og død går hand i hand.

Skorpion kan bringe frykten fram, frykten for å dø, men vi kan og ha frykt for å leve. I Skorpion handlar det om kva du kan gje slepp på for at du sjølv skal ha det bedre. Gje slepp på det tunge og vonde,om det er tankar, kjensler eller fysiske ting, og gå vidare. Om du tek fyrste steget på ein ny veg, vil livet koma deg i møte. Det er alltid eit lys i enden av tunellen, sjølv om nokre dagar kan vera tunge. I Skorpionen skal vi våge ta imot og  dele med andre.


Skorpionen handlar om å gå inn i deg sjølv, ned i det mørkaste i ditt indre og få kontakt med din Sjel. Våge ta kampen med deg sjølv. 

Våge bli kjent med dine indre krefter. All form for nytelse og overdriving, sjalusi og maktmisbruk, om pengebruk og det seksuelle. Kva vil du endre på ? Om du fylgjer Sjelen sin veg, kvar går du då ? 

Denne månaden kan du ta eit oppgjer med deg sjølv. Gje slepp på alt du ikkje treng, få mindre byrder å bæra på. Gjer du slepp på ting som tynger, frigjer du masse energi.


Styrt av sjel eller personlegdom.

Esoterisk handlar det om å la sjelen vinne over personlegdomen i Skorpionen sitt teikn.  I Vekten får vi ein balanse mellom sjel og personlegdom, men i Skorpionen er vi klar for ein kamp om du har snudd på livshjulet. 

Det er ein fin månad til å reflektere over om du går vegen som er oppteke av materialisme, om å jobbe og vera flink, om overdriving, om full fart, eller om du styrer etter ditt indre.  Om du vågar sleppe det spirituelle til og sjå at livet har ei større tyding. 

Naturen gjer slepp på fargar og all blomstring. Naturen veit at han skal gje slepp no og  la den etterlengta kvila sleppe til. Naturen stolar på at det kjem ein ny vår i Væren sitt teikn. Med ny spiring og ny vekst.

 Når ei dør lukkast, opnar det seg ei anna dør, om du stolar på det. 


Bileta er frå min daglege runde 6.november, som eg syns var veldig Skorpionsk. Det mystiske, det skjulte. Men så brått, over skodda er himmelen alltid blå.

 Ein må våge gå inn og ned, for så å ta det med opp i lyset. La trollet sprekke. Vende blikket opp og ut.

Hugs at i Skorpionen deler ein. Alt som er delt får mindre kraft.                    

Vi har alle Skorpionen ein plass i horoskopet. Kva område opplever du mest vekst i livet ?