SOLA I TVILLINGEN

24.05.2018

Det mentale og lette teiknet Tvillingen

Sol gjekk inn i tvillingen sitt teikn 21.mai. Vi forlot det stabile jordteiknet Tyren for å bevege oss inn i det mentale luftteiknet Tvillingen. Sjølv om du ikkje har nokre planetar i Tvillingen sitt teikn, vil du verta påverka av Tvilling energien ein månad no.


Tvillingen likar sosialisere seg. Det er eit lett luftteikn som kommuniserar på alle plan. Frå og ut og prate med naboen til å ynskje få meir kunnskap om ting. Det er studering og lesing og eksamenstid. Kanskje kjenner du på ein rastlaus energi med ynskje om at det skal skje litt. Mai og juni er ofte tid for å ta nokre små turar hit og dit . Vi ynskjer reise og møte nye folk, sjå litt meir på nærmiljøet og utveksle tankar og idear. Det er ei lett tone. Tvillingen er lett til sinns og munter, allsidig og tilpassingsdyktig.




Tvillingen er flink til å kople folk saman og bygge nettverk. Det er budbringaren som kjem med ein beskjed og flyg vidare. Tvillingen har ikkje behov for å verta godt kjent med deg, det handlar meir om å overlevere ein beskjed og gå vidare til nye spennande prosjekt. Merkur herskar over Tvillingen sitt teikn og herskar over all form for kommunikasjon, skrifteleg og muntleg. 

Merkur eller Hermes

Merkur eller Hermes i gresk mytologi, er gudene sitt sendebud som reiste frå himmelen og ned i det underjordiske for å overlevere beskjed. Det er guden med vinger på føtene, så han kunne reise lett og krysse grenser.  På same måte kan du gå ned i det underbevisste og knyte saman din sjel og personlegdom. Tvillingen skal esoterisk overføre energi frå det høgare til det lågare, frå kronechakra til rotchakra. Frå det mentale og astrale, til den fysiske kroppen. Eterlegeme og chakrasystemet høyrer til Tvillingen. 

Korleis deler du med andre ?              Har du god kontakt med deg sjølv ?

Så det er ei fin tid for å tenke over korleis du deler med andre, korleis du formidlar dine beskjedar. Tankens kraft er eit kjent tema. Kva surrar i tankane dine om dagen, korleis brukar du tankane dine ? Har du god kontakt med sjelen din og deg sjølv, eller er du mest oppteke av det som er der ute ? Esoterisk skal Tvillingen samle informasjon slik at han kjenner seg sjølv bedre.