SOLA INN I FISKEN 

18.02.2017

Sola forlet Vannmann og gjekk inn i Fisken sitt teikn i dag 18.februar

Sensitivitet - sårbarhet -medmenneske - draumar- aksept -flyt - ferie - det uendelege


Sola har i dag gått inn i Fisken sitt teikn ,det siste teiknet i zodiaken. Vi forlet det mentale teiknet til Vannmann og er over i det sensitive teiknet Fisken. Fisken er eit vannteikn, det er kjensler, det er inspirasjon, det er draumar og det er flyt. Fisken har behov for å vera eit godt medmenneske.


Draumar.

For tre dagar sidan hadde eg ein flott draum. Eg var i ein liten båt på det opne havet og det kom ei stor bølge etter den andre, men eg kom meg over alle og mestra dei. Så vart det roleg og eg fekk beskjed om at no kan du puste ut. Så kom det ei stor bølge til, men så flata havet seg ut att.

Dette var ein skikkeleg draum for Fisken sitt teikn. Fisken er smerteleg klar over at livet har sine bølger, vi kan ikkje leva i fred og ro heile tida, sjølv om Fisken er det teiknet som lengar mest etter fred og ro der alle er snille med kvarandre. Fisken likar ikkje krangel eller bråk, det beste er å få vera i draumane og flyte med, helst på ei rosa sky. 

KoN "TROLL "

I livet vårt har vi stramme planar og vi prøver å kontrollere det meste. Livet er ofte ein stor timeplan som skal meistras til punkt og prikke . Vi har alltid ting vi skal gjera og vi har liten tid til å berre vera. For mange kan det verta for mykje stress om du ikkje passar på. 

Vi har så ofte behov for å kontrollere ting. Om vi berre gjer det eller det, så vert det bra, då vert det fint, då ordnar deg seg. Når det er klart, då skal eg ta fri.  Kontroll kan verta til eit troll om det vert for mykje. Flyten kan gå frå deg.

Fri flyt !

Ut i naturen. Musikk. Meditasjon. Gjera ingenting

Om du går ein fjelltur eller ein skitur du som har vinterferie no, å berre let tankane flyge . Eller om du set deg i ein stol og berre ser ut av vindauga, høyrer på musikk eller berre er, då er du i Fisken sitt teikn. Då vert sinnet ditt roleg og du vender deg innover. Som ein meditasjon der alt er ro. For mange har kanskje opplevd at om du stressar på heile tida så vert du ikkje effektiv. Om du riv deg laus og kjem deg ut i naturen eller berre roar ned alt rundt deg, så kanskje ting berre dett på plass. Du ser brått løysingar på ting, eller at ting kjem på plass når du byrjar jobbe att. Vi treng alle ei veksling mellom å vera på og å leva i flyt. Vi treng kvardagar og vi treng fritid.

Gje slepp !

Musikerar, skodespelarar, danserar, kunstnerar har evne til flyte vekk i dette uendelege. Ein forfattar som er i skikkeleg skrivemodus, er i flyt. Vi treng alle leva i dette store ukontrollerbare i blant, ikkje berre når vi har ferie. Ein annan flukt som høyrer til Fisken sitt teikn er all form for rus. Det er og ein måte å fortrenge alle krav og alt stress rundt oss på.

Fisken handlar om rensing, om å gje slepp. Vi kan sjølvsagt ikkje gje slepp på alt rundt oss, vi treng ein viss kontroll og vi treng ha plikter. Men prøv denne månaden vi er i Fisken sitt teikn å gje slepp på det du ikkje kan kontrollere. Alt du strevar etter, alt du prøver å perfeksjonere, alle detaljane rundt deg som ikkje har nokon betydning. Gje slepp for at du sjølv skal kjenne deg lettare og ha det bedre. 


Aksept !

I Fisken sitt teikn ligg det eit nøkkelord som heiter aksept. Akseptere at du ikkje har kontroll over alt, at ting berre skjer med deg og rundt deg ! For er det noko dei som har mange planetar i Fisken sitt teikn eller har ein sterk Neptun veit, er at ting berre skjer. Folk forsvinn, brått dukkar det opp nye, du mistar jobb eller vert sjuk. Det er noko større som styrer oss. Livet er ikkje kontrollerbart, sjølv om mange lever som om det er det. Med ei gong du akseptar at livet er slik, får du det lettare . Aksepter det du ikkje kan gjera noko med.

 Brått får du eit tilbud eller du møter nokon som bringar ny glød i livet ditt. Brått har det negative snudd til noko positivt. Ha rom for at slikt kan skje med deg . Om timeplan er for tett ser du ikkje alt det fine som berre skjer med deg og rundt deg. 

Naturen denne månaden gjer slepp, snø og is tinar ,og mange har tid for faste . Det er fin tid for rensing av kroppen for dei som er oppteke av det. Før vi kjem inn i det fyrste teiknet i zodiaken, Væren. Med tilbud om ein ny vår og nytt liv ! 

Aksept ! Livet kan ikkje kontrollerast !