SOLA INN I JOMFRUEN 23.AUGUST

24.08.2018

Kvardagen er her, om vi likar det eller ei.

Kanskje er det berre godt å koma inn i rytmen att ?


I går 23.august gjekk Sola inn i Jomfruen sit teikn. Sola forlet det ildfulle teiknet til Løva der vi øver oss på å skine om kapp med sola og styrke vårt ego.

No er det tid for å få kvardagen på plass att. Koma inn i rutinene og kjenne at vi får ting meir på stell. Verta meir jorda. For mange er det godt å lande etter ein lang sommarferie og få litt meir struktur på ting. Ungane er i gang att med skule og vi vaksne med jobb.

 Kanskje kjenner du at du må ta meir vare på kroppen din og helsa di etter ein god sommar og koma i gang att med din rytme, med sunn mat og trening. Sola i Jomfruen hjelper deg med dette.

Kanskje har du noko du ber på som du kan hauste no ?

Det er tid for å hauste, frå naturen, men og frå ditt indre.

For nokre er sommaren berre kjekk med masse aktivitetar og masse som skjer, medan andre syns at det kan vera ei slitsam tid. Ei tid der ein skal vera sosial og dele med andre over lang tid er ikkje like kjekt for alle. Mange vil heller like denne tida der ein kan trekke seg meir inn og ha meir fokus på det praktiske og det jordnære. Men vi treng begge deler. Det er ei tid for alt.

Uansett, det er tid for å hauste no. Hauste frå skog og hage, men og hauste det du har sådd i vår som gagnar deg. Kanskje kjenner du på noko som du har bore på lenge som du no kan ta fram og gjera fysisk ? Noko du vil skape ? Kanskje har du ein bevissthet om noko du har gått svanger med lenge og som no kan verta ein Jomfrufødsel ? Kun du veit kva du rugar på i ditt indre. Kanskje har du ein draum du skal realisere ?

La det du drøymer om verta realisert ved fullmånen 26.august

Sola i Jomfruen kastar lys på draumane dine - Månen i Fisken

 Merkur har etter 3 veker byrja gå rett veg att, medan Mars kjem etter 27.august. Då vert det litt meir fart i sakene att, for kanskje har du følt at ting har stått litt stille ei stund. Håpar du har nytta tida til ein god indre refleksjon. Nokre gonger treng vi att ting stoppar litt opp for at vi kan reflektere over om vi er på rett veg i livet og kva som rører seg der inne i sjela di.


 På sundag 26.august er det fullmåne. Sola i Jomfruen lyser opp Månen i Fisk. Set lys på  draumane dine og våg å ta dei fram. Kanskje er det noko du er klar for å praktisere..... Noko du har drøymt om lenge som no kan verta realisert ?

Lykke til og god fullmåne ! Kun du veit kva du drøymer om :)

Å er du litt usikker og treng rådgjeving, ja så ta kontakt da. Hjelper deg gjerne