VINTERSOLKVERV 21.12 kl 11:44

20.12.2016

Vintersolkverv er den dagen Sola står lågare på himmelen enn nokon annan dag i året. Vi har den mørkaste tida på året. Naturen ligg i dvale. Nokre plassar får naturen ligge å kvile under kvitt snødekke, for å lade opp til ein ny runde. Mange er travle og oppteke av å styre til jul. Alt skal ordnast før jula kjem som ein gjest 24.desember, med ein etterlengta kvile for mange. Men før dette har vi vintersolverv no 21.desember.  

Vintersolkverv - Sola inn i Steinbukken 

Vi har den mørkaste dagen i året når Steinbukken kjem inn, og vi er i motsatt ende av Krepsen, St.hans og sommarsolverv. Mørket har lagt naturen i dvale, men med solsnu er det håp om meir og meir lys. Lyset vil vinne over mørket att, dag for dag. Steinbukken er eit kardinalt teikn og symboliserar eine aksen i horoskopet med Krepsen i motsett ende. Alle kardinale teikn er teikn som innleiar nye fasar. Vi går mot lysare tider, sola kjem meir og meir inn i livet vårt, naturen vaknar opp smått om senn og vi gjer oss klar for ny runde i pakt med naturen.

Steinbukken er teiknet som er på slutten av året og starten av året. Det er teiknet som er på toppen av horoskopet vårt, på toppen av hjulet. (h)jul. Vårt kall, våre ambisjonar. Det er teiknet som tek ansvar og som veit at skal du lykkast i det du gjer, så er det hardt arbeid som gjeld. Steinbukken vert ofte symbolisert ved bukken som går opp over fjellsida, steg for steg. Som veit at hastverk er lastverk. Det gjeld å gå steg for steg og vite at grunnen er trygg og ta tida til hjelp.  

Ved sommarsolverv har vi Krepsen og ferie og familietid. No er det tid for å samlast att, til julefeiring og hygge. Steinbukken symboliserar våre røter og tradisjonar. Jula er ein sterk tradisjon her i landet. Jula er tid for å samlast og roe seg ned, reflektere over livet og året som har gått. Vi treng nokre rolege dagar for å kjenne kvar vi er i livet. Etter ei travel ventetid i desember for mange, er det ein etterlengta tid for kvile. Med Merkur retrograd, så er det tid for å vende blikket innover.

Mange lagar seg nyttårsforsett i god Steinbukk ånd. Vi skal ordne opp i alt vi ikkje har vore så flinke til i året som gjekk. Med Steinbukken og nytt år, får du ein ny sjanse, ein ny runde med naturen, ein ny runde i horoskopet, til du neste år er på toppen av fjellet att og klar for å gå ned. Kvart år har vi lært og meistre nye ting, vi har fått ny lærdom og ingen lærdom er tung å bæra om du forvaltar den rett. Det gjeld å ta ansvar for deg sjølv, innhente den kunnskapen du treng for så stødig gå framover i livet. Om du har ein stødig grunnmur kan du bygge vidare i livet. Om grunnmuren er svak, så må den kanskje ordnast på. Steinbukken veit at ting tek tid og han likar langsiktige planar.

Det er mange tradisjonar og mykje folketru knytta til vintersolverv. Det var ei mørk og skummel tid der mykje kunne gå gale. Heilt gamalt ofra ein ting fordi ein var redd for at Sola ikkje kom att. På primstaven er teiknet for vintersolverv ei Sol - ein sirkel. Så på denne dagen skulle ein ikkje gjera ting som hadde med sirkel å gjera. Ein skulle ikkje spinne, kjerne eller bake runde ting. Og ølet måtte vera ferdig, for det skulle vera ølfest. Ein skulle hedre sola som ville koma attende. I Hallingdal kasta ein litt øl på peisen for at den skulle trekke bedre. Det minna litt om ofring frå reint gamalt.

Solfest har det vore på vintersolkverv i mange tusen år, lenge før vi byrja feire jul. For at Sola kom attende med bod om nytt liv, det var ein viktig fest. Korleis du vil feire denne dagen, om du vil kaste øl på peisen eller bake runde kaker, det let eg vera opp til deg .

God solsnu alle ! 

Med bod om håp og nytt liv !