SOLFORMØRKELSE 26.FEBRUAR

24.02.2017

Sundag har vi ein solformørkelse . Ein solformørkelse skjer når Månen kjem mellom Jorda og Sola og heilt eller delvis skuggar for Sola. Dette kan kun skje ved Nymåne og Månen er då nær Måneknutane.

11. februar hadde vi ein Måneformørkelse, no er det ein Solformørkelse i Fisken sitt teikn. Den kjem på 8 gr Fisk, så har du planetar rundt 8 gr Fisk eller Jomfru , vil du merke den godt. Denne gongen er det ein såkalla Ringforma solformørkelse. D.v.s at Sola ikkje vert heilt dekka av Månen, då Månen er for langt vekk frå jorda til å klare det. Sola vil då skine som ein lyssterk ring rundt Månen .

Nymåne i Fisken sitt teikn

Energien rundt Nymåne kan brukast til å reflektere over kva du har lyst til no, nye prosjekt, nye mål, så eit frø og koma i gang med ting. Nymåne er alltid ein ny start energi. Sola lyser på Månen og gjer deg pågangsmot og vilje til å koma vidare. Ved eklipse er denne energien veldig forsterka, det er ein skikkeleg aktivering.

Sol og Måne, Nedstigande Måneknute, samt herskaren for Fisken, Neptun, står nær kvarandre i Fisken sitt teikn. Det er mykje kjensler ute og går som kan svinge frå høgt der oppe til at ein sym ned og tvilar på alt. Fisken er teiknet for illusjon og tåkelegging, der det er vanskeleg å sjå kva du vil til ei kvar tid. Det er teiknet for mykje empati og kjærlighet, det er evne til innleving og eit ynskje om å vera knytta til noko større enn det personlege. Fisken er eit transpersonleg teikn.

Samstundes som vi har eklipse, står Mars og Uranus i konjunksjon i Væren. Det er krutt og gjer ild og kraft til det du ynskjer. Endringar du har lengta etter kan skje brått no. Men sjå opp for temperament og store svingningar i psyka desse dagane. Ikkje trø for hardt på gasspedalen.

Denne Nymånen kan gje store endringar i deg sjølv, men og det kollektive !