STILLE OG ROLEGE JANUAR

05.01.2017


Om du er høgsensitiv som meg, føler du då at januar er ein bedre månad enn desember ?

Det gjer eg. For meg er januar med all sin ro ein fin månad. Folk er rolegare, mindre kaos i butikk og sentrum, hus er ordna, alle selskap er over. Det er som om ting har landa.

I desember kan ein berre kjenne kor folk stressar på. Alt skal ordnast. Det er kø i butikken og på posten. Folk hastar av stad. Må rekke det og rekke det. Det skal bakast og vaskast og alle gavene må ordnast. Ynskjer du invitere folk på ein kopp te så har dei ikkje tid fordi det er så mykje no. Vi får ta det att i januar seier dei.

Rett før jul når eg stod ved kassa på Meny, var det som om kroppen min berre stoppa opp og tok inn alt. Eg stod ved kassa og i nærleiken av køen til alle pakkene på posten. Eg berre var heilt open og såg og følte folka rundt meg. Alvorlege, litt urolege for køen, ingen seier noko, nokre prøver å vera blid, men du merkar stresset bakom. Eg stod fast og tenkte berre på at eg må halde meg jorda, halde bakkekontakt så eg ikkje vert drege med. Ein rar oppleving, men veldig spennande.

Eg kom til meg sjølv att ved at nokon sa God Jul til meg. Det var som alle kanalar var open og eg kjente på ordet JUL i butikken. Ja dette er jul, ein ferie vi lengtar etter, men som er masete for dei fleste i forkant. I alle fall dei med små ungar . Så kjem juleferien og vi kan slappe av. Eller klarar alle høgsensitive det ? For meg har det vore ei roleg og god jul med mine aller nærmaste, men ikkje kjekt om ein skal rekke selskap over alt og vera hyggeleg i mange familieselskap. Ein vert sliten av alle inntrykka og alt ein tek inn, men dette er ei kjent sak for høgsensitive. Ein kan miste all sin energi om ein ikkje beskyttar seg.

Men no er januar her. Eg likar det, eg likar det stille. Snø som gjer at det knirkar under skoa mine når eg går tur i 10-15 minus. Med skinande blå himmel og ei sol som prøver å varme kjakane mine. Ro. Totalt ro i naturen. Blå himmel, stjerneklart, nymånen er der. Ny start og nye moglegheitar. Lange, rolege kveldar med ei god bok og fyr i ovnen. Kva vil dette året bringe ? Ja eg likar januar og jammen er det fint å bu i eit land med ulike årstider.