TAKK TIL ÅRET 2017 - VELKOMEN ÅRET 2018
Her er nokre punkt du kan tenke gjennom . Kva har fungert fint i året 2017 som du vil ha med deg inn i det nye året , og kva ynskjer du få ut av året 2018
Takk til året 2017
Vi er snart ferdig med året 2017. Det er tid for å sjå kva du skal ta med deg inn i det nye året, kva som har fungert bra, og kva du kan gje slepp på.
* Kva har du lært i 2017 ?
* Kva fungerar bra for deg ?
* Kva er du god til ?
* Kvar hadde du vekst ?
* Kvar fekk du stagnasjon ?
* Kanskje har du nokre tankar eller kjensler du kjenner du kan gje slepp på og la det vera att i det gamle året ?
* Er det noko eller nokon som tappar deg for energi, noko du ynskjer endre på ?
* Har du nokre langsiktige mål du treng justere litt på ?
Velkomen året 2018
Året 2018 ringast snart inn, og du kan gjera deg klar til kva du forventar av det nye året
* Kva verdiar ynskjer du bygge vidare på ?
* Kva gjer deg glede ?
* Kva likar du drive med ?
* Kva ynskjer du skal skje i 2018 ?
* Har du nokre mål du ynskjer få gjennomført i 2018 ?
* Kva gjer deg energi ?
* Kva ynskjer du meir av ?
* Kva ynskjer du mindre av ?
Ynskjer deg det beste for 2018 ! Måtte du verta velsigna med mange gode stunder !
.