URANUS INN I TYREN OG NYMÅNE 15.MAI

15.05.2018

Vi får eit stort energiskifte

I dag 15.mai står vi for eit stort energiskifte. Uranus som har vore lenge i Væren sitt teikn, går no inn i Tyren sitt teikn og skal vera der i 8 år. Same dag kl 13:48 har vi Nymåne i Tyren. 



Uranus og Tyren er to motsetningar. Tyren er teiknet for stabilitet, for å halde ut, for å halde saman, for å skaffe seg det ein treng og ta vare på det. Det er jording. Medan Uranus som har det store overblikket frå lufta, vil ha endring og det kan skje brått. Uranus er som lyn frå klar himmel, det er nye idear, nye tankar, det er framskritt og det er blikk for framtida. Det er nyskaping, ny teknologi, nye oppfinningar, det er geniet. Uranus kan rive ned det gamle for så å bygge det opp att meir moderne. Uranus som herskar i Vannmannen er veldig mental, medan Tyren er praktisk og jordnær. 

Tyren står for økonomi og våre verdiar, det er jordbruk og det å ta vare på moder jord. Tyren herskar over kroppen vår og det å ta vare på den fysiske kroppen vi har fått utdelt. Kanskje vert vi meir bevisst på kva vi et og kva vi ynskjer ha i oss. Meir økologisk, meir bevissthet rundt kva som er bra og ikkje bra. Uranus gjer oss ein større bevissthet rundt Tyren sine tema.

Kanskje vil du merke at du vil endre dine verdiar, at du får innblikk på ein måte du før ikkje kjente til. Kanskje ser du ting i eit anna lys, får større klarhet og bevissthet om kva som har verdi for deg. Ikkje la Tyren halde deg attende og klore deg fast i det gamle, men la Tyren hjelpe deg til å endre ting over tid. Praktisere og skape realitet over det du så klart ser er bra for deg. Når Uranus har vore i Væren har vi meir kriga oss fram til ting og at det skulle skje fort. No handlar det meir om å endre ting over tid, men det vert meir solid av det. Med både Uranus, Pluto og Saturn i jordteikn er det tid for å roe ned ting . Alt må ikkje skje der og då, men bygge opp steg for steg og då med eit større grunnlag og ein solidare plattform. Det er som om alt treng meir jording og stabilitet, ikkje bruk og kast mentalitet, men at det varar over tid.

Nymåne i Tyren

Same dag som Uranus går inn i Tyren kl 15:18, har vi Nymåne i Tyren. Nymånen er eksakt kl 13:48. Det er tid for å så nye frø, setta deg nye intensjonar for den neste månaden eller lengre fram. Alt som vert sådd av tankar og idear på nymåne har god grunn for å klare seg om du pleier det bra og du verkeleg ynskjer det. Kva har verdi for deg ? Kva ynskjer du skal vekse og gro dei neste vekene ? Lag deg ein intensjon og mediter på den. Med dette flotte været vi har no og med Tyren som er sjølve teiknet for moder jord, så gå ut i naturen og mediter på Nymånen og energiskiftet vi får no.

Ynskjer deg gode vårdagar !