Vilje og evne til å koma ut.

04.04.2021

Det er håp ! Det er nytt liv ! Sola byrjar varme kroppane våre! Vi går mot lysare tider og vi feirar det med det gule, fargen for optimisme og glede ! Fargen gul gjer heilt klart noko med energien vår og humøret vårt.   

Væren sitt teikn set alt liv i  gang

Væren sitt teikn representerar såkornet som skal setja alt liv i gang. Det er fyrste teiknet som er ny i verda. Ingenting kan stoppe denne vilja og evna til å koma ut av såkornet og verte ein blome. 


Påska er alltid i Væren sitt teikn, og i dag fyrste påskedag handlar det om oppstandelse. Frå død til liv. Væren sitt teikn er symbol på liv og representerar sjølve Livets lys. Vi pyntar med gult, gule blomar og gule lys og serviettar. Det gule er sola sin farge som er symbol på livet og det livgjevande. Påskeblomen som vi er så glad i, påskelilja, er symbol på reint liv. 

Eg syns vel og at hestehoven som tittar opp blant daude blad og kvistar desse dagane er eit sterkt symbol på nytt liv. På frøet som har ligge i dvale lenge og vågar ta steget ut og opp mot sola og lyset. Som kjempar med frosten og kulda, men som har motet til å titte ut for å syne oss at vi har ein ny vår! Nytt liv!

Væren har vilje og mot til å verkeleggjera nye idear og prosjekt. Det er eit ildteikn som treng få utløp for all sin energi. Dette ildteiknet er handlekraftig og er ofte å finne på idrettsbanen. Han er modig og dristig og tek initiativ til alt nytt. Det er handling og inspirasjon.


 Bildet ved sida her er hestehoven som gleda meg utanfor huset mitt i går. Eg sat ute og kjente sola varme og vart vàr desse små "solene" på marka. Eg blir glad av desse vårteikna. Det er ei fin tid.

Håp, nytt liv og optimisme !

Det er håp, det er nytt liv, og sola byrjar varme kroppane våre! Vi går mot lysare tider og vi feirar det med det gule, fargen for optimisme og glede ! Fargen gul gjer heilt klart noko med energien vår og humøret vårt. Raudt er symbolfargen for Væren sitt teikn, som og er ei kraftig energi farge. Raudt og gult er farger vi ikkje skal ha for mykje av, men som begge gjer energi på gråe dagar.

Nyt siste dagane av påska og hugs at vi alle vert påverka av Væren sin energi no fram til 19.april, uansett kva teikn vi er fødd i. Kanskje har du nokre planetar i Væren sitt teikn ?

Og hugs at fargene du omgjer deg med påverkar deg sterkt. Har du tenkt over det ? For meg er farger veldig viktig på mange plan .


Håp og optimisme ! Nye spirer til liv !