VÅRJAMNDØGN

19.03.2017

Våren og Væren 

Måndag 20.mars har vi Vårjamndøgn. Natt og dag er like lang over heile verda, herav navnet jamn. Lys og mørke er i balanse.

Vi går mot lysare tider, dagane vil verta nokre minutt lengre for kvar dag. Naturen vaknar til liv etter å ha ligge i dvale lenge. Dei fyrste blomane tittar opp, fuglane kvittrar våryre og snøen smeltar. Det same er det med oss menneske. Vi tyr ut av huset, har lyst til å ha meir tid ute i lyset og sola og vi tek av oss dei tunge vinterkleda som har dekka til kroppen vår. Vi føler oss lette når vi skiftar til småsko. Vi gjer oss klar for å møte alt der ute. Planter, dyr og menneske er våryre.

Væren tilbyr deg ein ny start, nye idear og nye såkorn. Du kan så ditt frø, dine tankar og handlingar, på ein ny plass om det gjer deg meir energi. Væren vil at du skal vera sann mot deg sjølv og gjera det som skapar liv for deg. I Fisken sitt teikn som vi no forlet, gjer naturen slepp på den gamle, forurensa snøen og isen. Naturen let det renne bort i grusen. Det same kan du gjera med dine gamle mønster som ikkje tjenar deg lengre. La din nye bevissthet som du har kome i kontakt med gjennom vinteren lede deg til noko nytt og bedre.  Våren og Væren tilbyr deg ein ny start, nye moglegheitar og ein ny runde. Du kan få ein ny vekst i livet ditt om du vil.

Naturen er på bristepunktet til å springe ut med alt det nye. Knoppane skyt snart fart, blomane tek sjansen på å titte fram sjølv om frosten kan knekke dei. Det er vilje og mot i Væren sitt teikn. På same måte kan du koma ut med alt ditt nye som har vore lagra inni deg. Kanskje har du gått å grubla på ting du har lyst til gjera, eller ting du vil endre på, gjennom vinteren. No kan du ta initiativ, så dette frøet og sjå det spirar. Ein ny bevissthet kan koma ut i handling.  La ditt autentiske vesen stråle med vårsola.

Mars som herskar i Væren er i Tyren sitt teikn fram til 21.april. Bruk energien på deg sjølv og dine behov etter ein lang vinter. Ta vare på den fysiske kroppen du har fått og stell godt med den utover våren. Kjenn etter kva du treng desse dagane, lytt til kroppen din. Bruk alle sansane du har fått tildelt og kjenn lukta av vår, høyr fuglane, sjå det smeltar og spirar snart og gje deg sjølv ein god massasje. Vekk kroppen til live litt etter litt om du føler for det.

Esoterisk er det Merkur som herskar over Væren. Væren skal lære seg å styre all sin kraft frå det fysiske til det mentale. Om du ikkje kjenner deg att i den handlingsstyrte, energirike Væren, kan det vera at du er meir mental. Væren er ein bukk som stangar seg fram, anten via aggresjon og mykje vilje, eller via å bruke hovudet. Væren skal lære bruke hovudet og tankane før han angrip. Marit Bjørgen som er fødd på vårjamndøgn, er eit eksempel på ei som pressar all si kraft ned i den fysiske formen. Som blomen om våren treng all sin kraft for å sprenge seg fram frå mørket i jorda, under lauvet, ut i lyset og våge tole nokre frostnetter. Som løvetann som bryt fram gjennom svart asfalt, frå ingenting.

Ta inn Sola og kjenn det varmar !

Pust inn frå naturen ! 

Fyll deg opp med energi !


Vi heng nok meir saman med naturen enn det vi trur !