Vårjamndøgn 20.3

20.03.2019

Vårjamndøgn og fullmåne

Vi har vårjamndøgn 20.3 der natt og dag er like lange, og Sola går inn i Væren sitt teikn .  Natt til 21.3 har vi Væren sin fullmåne. Det er store skifte av energiar.


På vårjamndøgn går Sola inn i Væren sitt teikn og vi startar på ein ny runde med Sola. Væren er fyrste teiknet i zodiaken og vi får ein moglegheit til å så nye frø, få nye idear og la oss inspirere.

Naturen har gjort seg klar for å gje slepp i Fisken sitt teikn og la det nye spire no i Væren sin månad. På same måte kan du koma fram med nye ting du har lyst til å gjera. Kanskje kjenner du på meir energi og meir vilje no når vi går inn i Væren sitt teikn. Uansett kva teikn du er fødd i, vert vi alle kollektivt påverka av teiknet Sola står i.


La deg inspirere til å gjera noko nytt

På varjamndøgn er natt og dag like lange, og det er tid for at dagane vert lengre og lysare. Lyset vinn over mørket. Vi har hatt eit halvt år der vi har gått meir i dvale som naturen, og no gjer vi oss klar for å koma meir ut. Vi vert inspirert av lyset og Sola til å ta tak i ting. Naturen vaknar smått om senn til live  og på same måte kan du vekke opp din kropp. Eg les akkurat i lokalavisa at bjørnane har kome ut av hiet sitt. Det er eit sikkert vårteikn og teikn på liv.

For mange introverte er det hausten som er ei fin tid, der ein kan trekke seg inn og vera meir i seg sjølv.  Vi kjenner alle på at vi har vore meir introverte i det halvåret som har vore og vi har søkt meir stillhet og vendt oss meir innover.  Men vi treng begge delar, det er ei tid for alt.

No når vårjamndøgn er her  ynskjer dei fleste og koma meir ut, men for nokre gjeld det og ta det forsiktig, verta kjent med lyset att. Terapeutar eg kjenner seier at det er mange som treng hjelp på våren når lyset kjem attende, som om det vert for mykje å ta inn.  Akkurat som kroppen har liggi i dvale og kosa seg inne og får litt sjokk når den må ut att og dele med andre. 

Sjølv er eg veldig glad i våren og elskar fylgje med på alle vårteikna. Eg trur det er min favoritt tid. Det er godt å koma ut og kjenne på det nye livet som byrjar spire rundt ein.

 La deg inspirere av naturen og fyll opp energien din. Har du nokre ting du har hatt lyst til å gjera lenge og som du no får inspirasjon til ? Kanskje berre sitta i solveggen med ei god bok og ta inn alt det nye som ventar dette året ? Eller kanskje er du av dei som klør etter å koma i gang i hagen eller med trening ? Planeten Mars herskar i Væren så det kan vera ei aktiv tid for mange der ein får gjort mykje.

 Det er tid for å bli kjent med "den nye" deg og gjera det du har lyst til. Det du sår no denne månaden av idear og tankar kan du hauste glede av når hausten kjem. Men du må ta fram motet og vilja di til å gjera det som du vert inspirert av. Væren hjelper deg med det.