Vekten - teiknet for eg og du -VI

24.09.2019

Sola inn i Vekten sitt teikn på haustjamdøgn

Tid for å søke fred og ro og balanse

Måndag 23.september gjekk Sola inn i Vekten sitt teikn og vi hadde haustjamdøgn.

Vi har eit stort skifte i energi, då vi forlet sommarhalvåret og startar på vinterhalvåret. På haustjamdøgn er natt og dag like lange og vi har 12 timar av kvart, derav namnet. Sola gjekk inn i Vekten sitt teikn på haustjamdøgn, som er teiknet nettopp for balanse, fred og ro og harmoni på alle plan. Hausten med sin kulde fargar naturen i all sin prakt, før den i Skorpionen sitt teikn trekker seg inn og går i dvale. 

Vi byrjar trekke oss meir inn i huset og vi kan ane ein litt meir fred og ro og lengre kveldar. Lysa vert tent og ullteppe kjem fram.

Vekten er eit mentalt og sosialt teikn, og vi har alle Vekten ein plass i horoskopet vårt. Vekten søker og fylle begge vektskålene for å oppnå likevekt. Nokre er heilt mot krangel og diskusjonar og trekker seg vekk frå det, vil ha fred for ein kvar pris, og vert dermed i den eine vektskåla. Men nokre gonger må vi gå til diskusjon for at vi etterpå kan oppnå harmoni. Harmoni via konflikt. Er du på den motsette sida har du kanskje behov for og alltid dra fram den andre sida av ei sak, alltid ville belyse alle sider . Noko som kan vera veldig slitsamt fordi det alltid vert diskusjon. Det er denne gyldne middelvegen i alt vi driv med. Svart og kvit, yin og yang, feminin og maskulin, natt og dag, gå tur og nyte godstolen, vera aktiv og gje oss sjølv kvile. 

Vekten vil gjerne ha nokon og dele med, og kjenner seg ikkje heil om det ikkje er to. Eg og du vert til Vi i Vekten. Vi treng vera i lag med andre og vera sosiale, men vi treng og eigen tid for ikkje miste oss sjølve.

Mental uro - mediter, gjerne ute i naturen

Planeten Venus herskar i Vekten sitt teikn. Planeten for kjærleik, for form og farge, for alt det vakre vi vert tiltrekt av. Legger med bilde frå helga på fjellet som minna meg på Venus og Vekten og denne vakre tida vi er inne i. På desse bilda er naturen på sitt beste ! Det er jo berre slik at ein sjølv får fred og ro, både i det indre og ytre, med eit slikt praktverk rundt seg. Føler du på mental uro, så bruk naturen eller mediter. Og det aller beste er vel kombinasjon av natur og meditasjon om du får til det !

Kan du kjenne på at hausten gjer deg ein meir ro ? At du gledar deg til å trekke deg meir inn og få litt meir ro, slik som naturen ? 

Nyt dagane kjære du !

Sola inn i Vekten og vi har haustjamdøgn, harmoni og balanse



Måndag 23.september gjekk Sola inn i Vekten sitt teikn og vi hadde haustjamdøgn.

Vi har eit stort skifte i energi, då vi forlet sommarhalvåret og startar på vinterhalvåret. På haustjamdøgn er natt og dag like lange og vi har 12 timar av kvart, derav namnet. Sola gjekk inn i Vekten sitt teikn på haustjamdøgn, som er teiknet nettopp for balanse, fred og ro og harmoni på alle plan. Hausten med sin kulde fargar naturen i all sin prakt, før den i Skorpionen sitt teikn trekker seg inn og går i dvale. Vi byrjar trekke oss meir inn i huset og vi kan ane ein litt meir fred og ro og lengre kveldar. Lysa vert tent og ullteppe kjem fram.