Vesta - den hellige flamma

04.11.2018

Vesta handlar om å styrke den åndelege flamma i deg

Gudinna for spiritualitet og det å stå sterkt i ditt senter

Vesta handlar om å stå støtt i seg sjølv. Det handlar om å finne sin eigen indre flamme og la den brenne. Kanskje lengtar du etter å koma meir i kontakt med deg sjølv og ditt indre og leva ut frå det. 

Har du ein sterk Vesta treng du aleine tid  og lengar ofte etter ein spirituell praksis. Kanskje du i perioder lever meir tilbaketrekt. Du trivast i eige selskap og kjenner deg kanskje som ein gamal sjel. Du vil gjerne at livet skal vera litt meir enkelt og at Sjelen skal styre dine val og ikkje det personlege. Meditasjon og yoga kan for mange bringe ein i kontakt med det indre.

Sjølv er eg fødd med ein sterk Vesta som står ved min Sol i horoskopet, så Vesta er ekstremt viktig for meg. Det var fint å få horoskopet sitt og få greie på det at det er normalt for meg å trekke meg attende i periodar fordi eg er ekstremt sensitiv, og at eg har eit behov for å stå sterkt i mitt indre for å kunne møte alt i den ytre verda.  Eg kjente att lengselen etter det når eg hørte det. Eg treng stå i mitt senter før eg går ut og møter andre folk. Før skjønte eg ikkje kva som var mitt eller andre sitt. Har du det slik ? Er du sensitiv for andre ? No ser eg det sensitive som ei gave, og eg veit kva eg kan bruke det til. 

Om dine formødre hadde ein sterk Vesta kan det vera at dei var veldig religiøs eller trekte seg vekk. Nokre levde nonnelivet og stengte det seksuelle ute. Det kan vera mykje skam rundt det seksuelle og kroppen din om du har sterk Vesta. Nokre formødre levde ut ein sterk Vesta med å stelle på kjøkkenet og lage mat, og ikkje minst halde fyr i ovnen. Gje varme til alle rundt seg. Vesta er forbindi til flamma og ildstedet. 

Kanskje er du sjølv sliten av drama, mykje sjukdom, eller kanskje sjukdom gjer at du treng leva eit meir tilbaketrekt liv. Kanskje ynskjer du kontakt med eit meir sterkt senter i deg og at einaste måten å finne det på er å trekke deg vekk ei periode. Finne din indre flamme, din indre styrke, slik at du kan stå sterkt aleine. For har du ein sterk Vesta klarar du deg fint aleine, du vert ikkje avhengig av andre. Samstundes som du ikkje gjer bort krafta di til partner eller andre.

Tegnet der Vesta står syner kvar du best finn din styrke. Om det er via det spirituelle, via naturen, via å lage mat, via sterk konsentrasjon til det du elskar drive med, via fred og ro i heimen o.s.b. 

Kvar har du din Vesta ? Når kjenner du deg i kontakt med ditt indre ?

Persefone og Vesta er innovervendte gudinner som treng finne seg sjølv og sitt senter.